Bare Blåbær #Lofotloffen

På vei opp. Foto: Stine Lystad

Scroll this

Andre kursdag var dagen for fyrste gong nokonsinne med klatring på fleire taulengder i fjellet! Sjukt spennande.

Etter ein lang anmarsj på vel ein time innover Djupfjorden kom me fram til innsteget til Bare Blåbær (5-). Yngve leda heile vegen, resten av gjengen fylde etter. Standplassane var varierte, frå god hylle på fyrste stand til delvis hengande vidare oppover. Me fekk i alle fall lært at det er om å gjere å gjere det mest mogleg komfortabelt på standplass, i alle fall når ein er så mange sidan det fort tek litt tid. Ein fekk i det minste god tid til å nyte utsikta og lufte beina. Fyrste taulengda var den lettaste, derifrå var det jammefest og tåsmashing som gjaldt for det meste (i alle fall i mine for små sko).

Ikkje bere blåbær på Bare Blåbær

Det gjekk greitt på ein del av ruta, men innimellom (og spesielt mot slutten) vart det ein del roping opp til Yngve om «Stram opp rosa!» eller berre «Rooosaaaa!», hehe… Sleta taus med behov for pauser, og innimellom litt drahjelp frå oven. Sånn er det når ein er vand med 10 meter klatring på plastikk i slengen og aldri har jamma før! Eg likte best den fyrste, lettaste taulengda og den 4. lengda som var litt meir variert. Ein ting er i alle fall sikkert – eg er ikkje nokon 5- klatrar utandørs. …Enno.  😉

På siste taulengda (som visstnok er den finaste) var eg så sliten, svolten og frustrert over smertefulle bein og evig jamming at eg vart heilt tom. Etter ei pause og tips og hjelp frå Yngve kom eg meg til slutt bort til siste standplassen der Stine sto klar med kaloripåfyll og vatn. Det hjalp på tilstanden! Så det vart læringspunkt nummer to denne dagen: det er ikkje eigne matpauser på klatretur, så det er berre å stappe i seg mat ved ei kvar anledning så slepp ein slike bommertar der ein fyk rett i kjellaren. Læringspunkt nummer tre må vere å ikkje bruke fullt så små klatresko på fleirtaulengdsturar.

Me klatra dei 5 fyrste taulengdene på ruta og returen bestod i tre rapellar. Me starta så tidleg at me heldigvis fekk klatra i skuggen stort sett heile dagen, men på rapellane fekk me litt sol på kroppen. Digg!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.