Besseggen Forelska i Jotunheimen

På veg ned

Scroll this

Endeleg!

Endeleg fekk eg òg tatt turen til Jotunheimen etter å ha høyrt så mykje fint om dette området. Det gjer godt med ei avveksling frå oppussing og opprydding i eigedelar ein ikkje treng lengre (og ikkje har plass til når ein skal gjere om buda til tur-lager 😀 ).

Eg og Stine tok oss ein snartur tidlegare denne veka, frå onsdag til fredag. Me hadde litt startvanskar – den stakkars bilen min hamna nemleg på verkstad same dagen som me skulle reise med beskjed om at den ikkje kunne køyrast meir før den er reparert. STORT problem! Stine sin bil er litt tvilsam på fleire måtar, men me tok sjansen på å køyre den, og jaggu kom me både fram og tilbake utan å døy. Og det utan nokre verre episoder enn eit blinkande bombelys i displayet! Griseflaks. 😉

Køyreturen frå Ørsta til Gjendesheim er rimelig lang og rimeleg kjedeleg. I alle fall utan musikk i bilen! Me kom fram seint på kveld, kokkelerte oss kvelds på parkeringsplassen (maks badass outlaws – i alle fall i fantasien vår) før me la oss til å sove på rekkje og rad i sovesalen.

Etter å ha fått valuta for pengane til frukost la me i veg på råsa som går over Besseggen til Memurubu. Me hadde bestemt oss for å gå motsett veg av den «vanlege» vegen å gå turen for å ha utsyn heile vegen. Som vanleg når eg og Stine er på tur gjekk det i bedageleg tempo med plenty av tid til å ta bilete av ting og tang. Det er mykje flotte blomar å sjå før ein kjem opp på fjellet, og når ein kjem opp i høgda er det mykje artige formasjonar og ulike typar lav å la seg fascinere av. Me såg til og med ei rype med kylling på vegen og fekk knipsa nokre bilete av den. Gjett om eg ønskte at eg hadde betre kamera då! Det er ikkje så mykje futt i eit gammalt digitalkamera når ein skal ta bilete på avstand.

Turen er veldig fin, men eg var litt skuffa over at det var så lite «Bessegg» sidan eg trudde meir av turen bestod i klyve-terreng. Men for all del – det er ein veldig flott tur! Spesielt i slikt vêr som me hadde. Klyvinga nedover gjekk greit unna, men me måtte vente ein del på køane som kom klyvande oppover når me var på veg ned. Det er mykje artige folk å sjå i fjellet på denne turen og eg må innrømme at me spekulerte litt over enkelte me såg. Mest sannsynleg utlendingar som ikkje er kjende med forholda i fjella her.

Det er ganske langt frå Gjendesheim til Memurubu – pulsklokka mi logga 14.30 km på turen så det smakte godt med iskald øl etter at me hadde dusja av oss ein heil dags sveitte når me kom fram. Når eg fekk av meg kleda synte det seg at eg var heilt opphovna på hoftebeina av hoftebeltet på sekken. Beina i korsryggen var også opphovna – akkurat der kanten på sekken er. Ikkje rart sekken var vond å bære på slutten! Trur det var ein kombo av for stor bukse slik at eg måtte ha belte (som sjølvsagt vart liggjande rett under hoftebeltet) og litt for lite polstring på kroppen for tida som gjorde at det vart så vondt. Dermed har eg i det minste rettferdiggjort innkjøp av den altfor dyre turbuksa eg går og siklar på for tida. 😉 Så får eg mekke til noko ekstra polstring på sekken så lenge.

Me tok laust tidleg fredag på heimvegen. Det vart stopp på bakeriet i Lom (jippi!) der me tok ei etterlengta kaffipause. Heimvegen er alltid mykje kortare enn reisa vekk heimanfrå, så det tok ikkje lange tida før eg var heime att med sandpapir og malarkost i handa. Ein ting er i alle fall sikkert – det blir retur til Jotunheimen med teltet for å traske rundt på toppane der. Mykje flotte fjell! Og den nye klatreføraren for Jotunheimen viser at der er fin klatring for meg og Stine når me er ferdige på kurs òg. Gler meg allereie til neste tur! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.