Brekurs Ei magisk veke i Jostedalen

Linda og meg

Scroll this

Eg og Linda sette kursen mot Jostedalen søndag ettermiddag. Ho henta meg i pick-upen sin og med dei tre bossekkane med utstyr me hadde kvar såg det meir ut som om me var på flyttefot enn på reisefot. Velvel, det er alltids betre å ha med seg for mykje enn for lite! Eg var rimeleg sikker på at eg hadde hugsa alt eg trengde heilt til eg steig ut av bilen på Voldaferga og la merke til at det var usedvanleg luftig i fot-partiet. Frøkna hadde visst gløymt å ha på seg joggesko før ho for, og gjekk rundt i rosa, malingsflekka crocs. Heldigvis var det den einaste forgløymelsen. 😉

Det er eigentleg litt artig at Linda vart med. Me er jo jamnaldringar og har heile tida visst kven den andre har vore, men me har ikkje pratast tidlegare før ho spurte over internett om eg ville vere med å gå Josten på langs tidlegare i år etter å ha sett på instagramprofilen min at eg kunne sjå ut som ei jente som hadde lyst å gjere slikt. Då passte det ikkje for meg, men ho slengde seg med på brekurset sidan eg allereie hadde meldt meg på, og då ho henta meg før avreise var fyrste gongen me faktisk treffast. Artig start på eit nytt vennskap!

Me kom fram til Bretun litt etter tidsskjema, men det var inga krise. Me helste på bygutta me skulle gå på kurs med, Trygve og Lars, som studerer til å bli juristar. Smarte folk ass. Me samla oss i peisestova der instruktøren vår Sigrid og aspirant-instruktør Kari hadde ein gjennomgang av kva vi kan vente oss av kurset og kva vi skulle gjere den komande veka. Me hadde også ein gjennomgang av utstyret og litt knutar.

Måndagen var det snøbakketeknikk som stod på tapetet, så me køyrde vi opp til Styggevatnet for å øve oss der. Snøen ligg ganske lågt enno, så me kunne gå rett i snøbakken frå parkeringsplassen. Sweet!

Heile dagen var i grunn som ein einaste stor snøleik-dag. Me øvde på å stanse oss sjølv ved utglidning i alle tenkelege retningar, med og utan stegjarn, med og utan øks. Me testa også ulike sikringsmiddel: snøanker, snøbolt og øks. Me sila oss nedover på ulike vis for å sjå kor mykje dei tålte. Ingen klarte å få ankeret sitt til å svikte, så det er jo ein bra ting!

Etter lunsj knytte me oss inn i tauet for å øve litt på taulagsrutinar og det å passere forankringar. Det vart også nokre «plutselege» fall slik at me fekk øvd oss på å stans utglidningar som taulag også. Eg gjekk bak Trygve som syntest det var veldig kjekt å berre plutseleg kaste seg nedover sida, så eg fekk mykje øving i å stanse utgliding. Ved eitt tilfelle når me bytta retning i ein bratt bakke sila han ned mot resten av taulaget slik at me nærast vart ein einaste stor floke. Me fekk i det minste testa at mellomforankringa var god! 😉

Me gjekk opp på ei flate før me øvde oss på glissade ned att. Det var ikkje heilt idèelle forhold for det, så eg fann ut det gjekk fortare  berre sile på rompa heile vegen ned att. Utruleg kjekk dag som har gitt meg eit nytt syn på snø og moro. 😀

Sjå innlegg frå dei to breane me var på i løpet av kurset på desse lenkjene: Nigardsbreen og Tuftebreen.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.