Det flygande teltet Fantasifull åleinetur i mørket og vinden

Scroll this

 

Ganske impulsivt i går bestemte eg meg for at det var på tide å ta den fyrste teltturen heilt åleine. Åleine! Tenk det. Definitivt spennande i mi bok.

Det vart litt førebuingar heime fyrst. Eg prøvde meg fleire gongar på å få fyr på primusen utanfor leiligheita mi, utan nokon større suksess. Optimist som eg er tenkte eg at dette ordnar seg berre eg kjem på tur, og laga pannekakerøre og handla bacon for å virkelig nyte teltlivet med teltpannekaker til kvelds og frukost. Mmm…

Til slutt kom eg meg av gard og traska i veg på skia mine mot destinasjon Kvanndalen. Forresten så var dette faktisk også fyrste skituren min heilt åleine – gjett om eg var forsiktig med å ikkje tryne med tung sekk på ryggen og minimal skierfaring. Det kjendes litt tryggare ut å fare dit eg og Stinus var sist gong no som eg skulle telte åleine, så målet var same teltplass som sist. På veg oppover merka eg det var litt vind i emning, men tenkte at det kom sikkert ikkje til å bli noko problem.

Eg kom opp til teltplassen og innsåg rimeleg kjapt at dette muligens var litt meir enn eg hadde budd meg på. Det var ikkje så mykje vits å trakke til teltplassen slik eg har lært av Stine, for det føyka berre igjen med ein gong på grunn av vinden. Heldigvis er eg ein ivrig youtube-sjåar når det kjem til turutstyr så eg hadde lært at det er lurt å bardunere teltet i sekken så det ikkje flyg av gårde. Det skulle tatt seg ut!

Teltet kom opp til slutt, men det kjendest ikkje spesielt trygt ut å vere inni det. Det flappa og flagra som om det heldt på å ta av. Definitivt ikkje ein bra ting i mitt hovud. Spesielt når ting blir litt større og skumlare når ein er åleine om det. At det var mørkt ute gjorde jo alt mykje meir skummelt enn om det hadde vore dagslys og fantasien hadde fritt spelerom til å sjå føre seg ulike scenario. Igjen slo internett-lært kunnskap inn og eg nytta både snøpluggar, ski, stavar og spade som bardunering. Eg skua litt snø på teltveggane òg, utan at det gjorde det store utslaget på tryggheitsfølelsen.

Heldigvis finst det meir røynde folk å spørje om råd! Håvard vart oppringt og han kom med nesten same tipsa som youtube leverer, med unntak av kva type snø ein skal spa på teltveggane. Han forsikra meg om at teltet heilt sikkert ikkje kom til å fare nokon plass – men det er jo litt vanskeleg å tru på det når ein ligg åleine der i mørket. Det vart ein tur til ut for å grave under laget med skaresnø for å få tak i tung snø. Eg lessa på med snø og telte blafra litt mindre etterpå. Gjekk ein runde til og spadde på enda meir snø for å vere på den sikre sida.

Når eg kom inn att i teltet merka eg at skjermen på mobiltelefonen min hadde knust. Uh-oh. Mobilen er jo ei tryggheit slik at ein ikkje er heilt åleine sjølvom ein er åleine fysisk, og plutseleg var eg utan fungerande telefon! Minikrise. Spesielt vart det litt krise når det tikka inn meldingar og anrop utan at eg hadde moglegheit å sjå kva som vart skrive eller å ta telefonen sidan drittskjermen på telefonen min var blitt heilt øydelagd. Eg får håpe det ikkje var nokon i nærleiken av teltet mitt på det tidspunktet sidan det kom ein god del mindre fine glosar.

Heldigvis var ipoden like heil, så eg kunne høyre musikk og prøve å stenge ute den superskumle lyden av telt som held på å blåse av gårde. Når eg ligg der og prøvar å fortrenge lyden av vind og tankar om flygande telt så høyrer eg plutseleg at Håvard er utanfor og snakkar til meg. What! Enno ein følgje av øydelagd mobil: ufrivillig drage folk opp på fjellet midt på natta for å sjekke at alt står bra til. Kjekt for meg med litt selskap og enno meir bekrefting på at teltet kjem til å stå fint, men det er jo litt kjipt når det blir sånn allikevel. Neste telefon skal i alle fall få seg bombesikkert beskyttelsesetui så eg slepp fleire slike hendingar! Lesson learned.

leo
Gledesspredar Leo

 

Når Håvard og Leo reiste ned igjen låg eg våken nokre timar, klar til å evakuere heile teltet. Det vart meir og meir vind, og eg opna døra på innerteltet slik at eg berre kunne rulle meg ut i tilfelle-rottefelle, hehe. Flygetur med telt har eg som nevnt lite tru på. No når eg sit heime og veit at teltet sto heilt fint og sikkert hadde tålt mykje meir vind, så kjenner eg meg jo litt teit som har lett for å få tenk-om-tankar og let fantasien få fritt spelerom, men er alt i alt fornøgd med at eg holdt ut og attpåtil fekk nokre gode timar med søvn oppi det heile.

Litt skuffa over at det ikkje vart pannekaker og bacon sidan eg hadde nok med å passe på teltet, men safarikjeks og kvikklunsj held ein jo gåande nokre timar det og. Neste åleinetur blir i alle fall i vindstille og kjempefint vêr slik at eg får litt meir opplevinga av kos også, ikkje berre stress- og fryktmeistring (men det må vel til det og).

 

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.