Gollum i Gandalfveggen #Lofotloffen

Toppen

Scroll this

Torsdag var det klart for den andre dagen med fleirtaulengders klatretur. Ruta me klatra var Gollum (5) i Gandalfveggen. Anmarsjen her var av eit heilt anna kaliber enn på Bare Blåbær, det tok oss maks 10 minutt frå vegen til innsteget.

Yngve leda oss opp denne dagen også, og sidan ruta er litt vanskelegare enn Bare Blåbær hengde han på enkelte punkt opp taustigar me kunne hjelpe oss med. Spesielt på fyrste taulengd var eg evig glad for at han hengde dei opp! Eg kjende meg litt som Gollum når eg klatra og tok tak i taustigane: «Ah, my precioussss…» . Heldigvis ser eg ikkje ut som Gollum. Me har også lært att det er greit å  dra seg opp i sikringane på vanskelege punkt, så det gjorde det heile litt lettare og sparte oss for mykje kaving som stel krefter.

Fyrste taulengda likte eg ikkje, det vart over mitt nivå og mykje kaving. Stakkars Yngve som lurte på korleis det gjekk fekk eit småsurt rop tilbake om at «Ditte va’kje nåke kjekt!» midt oppi det verste. Litt flau over det no! Resten av taulengdene syntest eg var kjekke og summa summarium syntest eg det var ein veldig kjekk klatretur. 😀

Frå toppen av veggen går det fin rås ned att, så returen gjekk radig. Me fekk ein liten gjennomgang på bakken om bruk av guidefunksjon på taubremsen og litt enkel kameratredning.

Dypping av sommarkroppane 2015

Etter ein lang, sveitt dag i veggen fann me ut at me måtte teste ut badefasilitetane på den flotte sandstranda me hadde køyrt forbi så monge gonger, Rørvikstranda. Bikini, flipfloppar og den kvite sommarkroppen (hehe)  vart leita fram og me sette kursen mot stranda. Det såg veldig deilig ut i vatnet med drøssevis av folk som bada og kosa seg, så eg tenkte at vatnet er nok ikkje so kaldt. Vel… Det var definitivt meir enn kaldt nok! Stine er nok laga av eit anna materiale enn meg, for ho symde og storkosa seg med eit stort smil om munnen. Ein kjapp dukkert var nok for min del!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.