Islandskryssing, baby! Litt tankar om turen

Scroll this

No er det ikkje lenge igjen. Under tre veker faktisk! Og eg har temmeleg nøyaktig 5 dagar på å bli 100% klar og pakke alt som må pakkast. Måndag blir kanonkula levert på kennel slik at eg har tysdagen i fred og ro heime utan ein katt som skal tygge på alt den ser og utforske alt spennande turgreier som ho vanlegvis ikkje har tilgang til. Onsdag reiser eg offshore, blir vekke i to veker som flyg avgårde og kjem heim kvelden før eg reiser vidare til Island. På jobb blir det inngåing av sko, styrketrening, bæring av sekk på tredemølle og bæring av sekk ute i felt i arbeidstida for ikkje å verte heilt slappfisk før avreise. Det blir ein kort pit-stop på 11 timar heime, akkurat nok til å ikkje få sove av spenning før eg må reise vidare. 🙂

Førebuing

Siste dagane har det vore mykje ærend fram og tilbake, hit og dit og studering av Island-stoff på kveldstid. Fælt å kaste vekk finevèret på slike ting, men det må prioriterast det òg. I går booka eg seng på Kex Hostel i Reykjavik til fyrste og siste dag og fiksa meg dermed ein stad å lagre det eg treng på reisa dit men ikkje på sjølve vandringa. Då kan eg pakke ryggsekken i duffelbag på flyreisa og sleppe å bekymre meg for at den er øydelagd når den kjem fram.Veldig greit, og ikkje minst veldig budsjettvenleg stad å bu. 🙂 Dessutan ligg det i gangavstand til innenlandsflyplassen eg skal flyge frå når eg skal nordover, og like ved kartbutikken i Reykjavik der eg skal kjøpe meir detaljerte kart over enkelte område. Det er heller ikkje langt ifrå busstasjonen der eg skal levere inn etterforsyningane som skal køyrast ut.

Nokre ting står att å gjere før eg er klar. Sko, for eksempel, eit par eg har stor tru på kom i posten i dag, og eit anna er lagt av i butikk. Valgets kvaler… Vask og reimpregnering av skalbekledning. Få det eg har teikna i GPS-programmet på PC inn på sjølve GPS-en. Eg trur ikkje eg kjem til å bruke den noko særleg, men det er jo ei ekstra tryggheit å ha den med. Så var det å finne kompenseringa eg må leggje inn når eg skal bruke kart og kompass på Island så eg ikkje navigerer feil på grunn av misvisning. Innkjøp av proteinbarar og turmat. Og heilt sikkert andre ting eg ikkje har tenkt på. Kanskje noko meir nøtter til turmiksen, må ta ein omgang til å rekne ut kva eg har av kaloriar per dag hittil så eg ikkje endar opp som eit beinrangel på vegen. Pakkelista må slankast litt skal eg kome ned under 20 kg startvekt etter proviantering, så prioriteringane må bli litt hardare på det eg vel å ha med.

Tankar om turen

Det er i grunn veldig kjekt, og ganske så skummelt å skulle planleggje sin fyrste langtur heilt åleine. Eller i det store og heile sin fyrste langtur i det heile tatt. Og det attpåtil i eit anna land. Det er så mykje å hugse på og ta hensyn til. Nytt utstyr å forske på, kjøpe og teste ut før ein reiser, treng eg ditt og datt eller er det berre kjekt å ha, ruteval, ting ein vil sjå og plassar ein vil innom.

Logistikk til og frå start, mobildekning, kva ein skal gjere om noko går gale og plan a, b og c. Prøve å finne ut av nøyaktig kor paranoid ein bør vere med tanke på tilbakefall av Regnbuehinnebetennelse, skal eg ha med arsenalet med dropar i tilfelle eller satse på det går bra utan. Å bli lyssky slik ein ikkje ser nokonting langt ute i gokk, heilt åleine langt vekke frå folk ser eg i alle fall på som veldig skremmande, så då vinn nok paranoiaen. Følgje med på snøforholda og kor fort smeltinga går i høgda i dei områda ein skal gå, om det blir greie forhold til eg kjem dit. Halde eit auge med seismisk aktivitet sånn eg kan berolige meg sjølv om at «nei, sjølvsagt blir det ikkje vulkanutbrot når eg er der»….

Her snakkar me om å hoppe uti det med hovudet fyrst utan å vite 100% kva som ventar. Stooooort steg for ein kontrollfrik av dimensjonar. Eg kan tross alt ikkje kontrollere vêret, snøsmeltinga, vassføring i elvane eg må krysse for å kome vidare, om depotpakkane faktisk kjem fram dit eg sender dei og tusen andre ting.

Det er heilt sikkert mykje eg har gløymt å ta hensyn til i planleggjinga som eg ikkje kjem på før eg står i ein situasjon der eg tenkjer at «Faen i helvette, dette burde eg tenkt på før». Det eg faktisk er reddast for med heile denne turen, er å treffe på fuglar. Fuglar er mitt livs største skrekk. Eg kjenner ei irrasjonelt stor frykt for desse skapningane, og på Island er det store, aggressive og skumle fuglar som angrip folk. Hjelp!

Å meistre, og stole på seg sjølv

Eg kan nemne i fleng ting eg ikkje kan og grunnar til at eigentleg ikkje burde gå den turen etter negative meg og andre si meining. Men eg har stor tru på eiga evne til å gjere det som trengs når det trengs og eg likar bratte læringskurver. Eg vil, og eg skal på denne turen. Ein får ikkje store opplevingar og nyttig lærdom av å halde seg i komfortsona og gjere det ein er trygg på heile tida. Ikkje alt kan lærast på ulike kurs.

Med mindre eg treff på fuglar (og kyr) så er eg trygg på at eg held eg hovudet kaldt i stressa situasjonar. Det er fint å gje seg sjølv moglegheita til å verkeleg meistre frykt og å eksponere seg for moglegheita til å mislukkast. Ein døyr tross alt ikkje av skrekk sjølv om det er veldig ubehagelig når det står på. Verda går heller ikkje under om ein mislukkast, sjølv om det er kjipt der og då, og kanskje litt pinleg. Og til slutt blir ein så sliten at ein sovnar ein uansett kordan vinden ruskar i teltduken og ein innbiller seg at «NO!! No flyg teltet!». Så det så.

Med kun meg sjølv å stole på, og med fullt og heilt ansvar og eigarskap til vurderingane mine trur eg det skal bli ein fin meistringsopplevelse i fantastisk landskap. Ikkje minst blir det sjukt digg å kunne kople fullstendig ut og berre vere meg i naturen og ta utfordringane som dei kjem, når dei kjem. Det å kun vere i nuet og å kunne leggje frå seg stress, bekymringar og grubling heime. Å faktisk få sove om natta fordi kroppen er så sliten at grublande tankar må gje opp. Det gler eg meg til.

Ruta etter endring

Eg har allereie endra planane èin gong når logistikken i nord vart vanskelegare enn venta. Å måtte basere seg på å haike og gå til start stel mykje tid frå eit tidsskjema som i utgangspunktet ikkje hadde plass til at noko uføresett skulle hende. Ergo, å gå heile vegen frå nordlegaste punkt til sørlegaste punkt for komplett Islandskryssing skjer ikkje. Ikkje i år i alle fall. Neste år på denne tida er eg arbeidsledig, så då passar det betre å ta seg god tid til å gjennomføre på ein måte som ikkje innvolverar stress på vegen (tenk å sjå lyst å bli arbeidsledig! Passe føkka.).

Noverande plan gir meg mykje betre tid. Eg kan loffe frå nordlegaste punkt til Myvatn, og faktisk ta meg tid til å besøkje dei varme kjeldene der i stadenfor å haste rett forbi fordi eg MÅ gå så og så mange km per dag for å rekkje flyet heim og kome meg på jobb igjen. Stress! I don’t need that shit, yo!

Frå Myvatn vert det buss gjennom Sprengisandur, noko som faktisk sparar meg over ei vekes vandring. Om eg hoppar av på Nyidalur eller i Landmannalaugar avgjer eg undervegs når eg ser kor lang tid eg brukar til Myvatn. Så får det berre vere at den bussturen er nesten like dyr som å ta fly og eg gjerne heller skulle gått der – eg tek det igjen. Eg kan ta livet med ro og feire bursdagen min i varme kjelder i Landmannalaugar med ei pils i handa, kanskje treffe nokon hyggelege folk å henge med istadenfor å vere midt i ørkenen og ete ein muffins full i E-stoff åleine i teltet som var originalplanen. God tid i fjella i sør. I det store og det heile gjer det ingenting at det blir ein kortare tur, sidan eg dermed får tid å oppleve meir.

Ein kikk i kalenderen viser at frå eg reiser heimanfrå 22. Juni til 1. September har eg til saman 8 dagar heime spredd utover. Eg kjenner det blir godt å kome seg vekk herifrå over ein lengre periode og oppleve nye ting, både åleine og saman med andre. På tide å nyte livet!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.