Jökulsárgljúfur Ásbyrgi-Dettifoss

Godt utsyn til elva heile vegen

Scroll this

Dette er fjerde innlegg frå denne turen.

Del 1: Reykjavik-Kópasker
Del 2: Rifstangi
Del 3: Melrakkaslétta

Jökulsárgljúfur

Denne delen av turen går i ein utvida del av Vatnajökull nasjonalpark. Området er i stor grad forma av elva Jökulsá á Fjöllum, som spring ut frå Vatnajökull og arbeidar seg gjennom landet. Landskapet er forholdsvis flatt, prega av store kløfter og voldsomme formasjonar. Heile landskapet er eit einaste stort bevis for kreftene som ligg i slike store elver.

Karl og Kerling

12. Juli 2016 – Tysdag

Ásbyrgi

Hevelsen over hoftekammen har byrja å gå litt ned, så det går rett veg! Benytta kviledagen til å ta bussen til Ásbyrgi. Såg ikkje poeng i å vente i Kópasker kun for å halde på planen om å gå til Ásbyrgi. Då er det betre å reise vidare!

Dette er eit heilt utruleg stilig område, ei svær, hesteskoforma kløft som har danna seg når elva Jökulsá á Fjöllum har fløymd over for tusenvis av år sidan og vaska vekk massane som ein gong var her. Nede i kløfta er det heilt flatt, med rik vegetasjon og steile klippeveggar på begge sider som kastar ekkoet tilbake mot deg.

 

13. Juli 2016 – Onsdag

Ásbyrgi

Når eg ikkje kan bere sekk, kan andre bere meg!
Nydeleg dag med strålande sol, som eg nytta til å ri på Islandshest. Det kosta den nette sum av 13.900 ISK, og med på kjøpet fekk eg den hyggelege instruktøren Frida frå Sverige. Eg skjønte fort at me hadde i alle fall èin ting til felles, sidan ho sat med nasa langt nedi ei bok i Sagaen om Isfolket når eg kom. Perfekt lesning på Island!

Hesten min heitte Ýmir, og ho var av typen go’tjukk Islandshest. Veldig grei å ha med å gjere, sjølv om det var litt skummelt i starten. Det er jo store og sterke dyr, noko ein kjenner godt når ein sit oppå der og føler ein har null kontroll. Rideturen gjekk inn i austkløfta, nesten heilt inn til botnen. Siste stykket inn til Botnstjörn gjekk me og Frida delte av kunnskapen sin om området. Det er ein utruleg flott og spesiell stad, eit lite tjern omkransa av ein halvsirkel av steile klippeveggar. Plenty med både turistar og dyreliv. Me såg tilogmed den sagnomsuste fisken i tjernet!

På rideturen prøvde eg å ri i tølt, som var artig. Hesten gadd ikkje så lenge av gongen, då Ýmir likte seg best i koseleg trasketempo (som meg 🙂 ). Me prata om smått og stort. Frida kunne melde om ein kar som hadde passert nokre dagar tidlegare, som hadde ein sekk på MINST 50 kg og var på veg over øya.

14. Juli 2016 – Torsdag

Ásbyrgi – Vesturdalur

På tide å kome seg vidare!

Då det ikkje er lov å villcampe i nasjonalparkane her på Island, så ein må campe på eigne campingar inne i nasjonalparken. Det er heller ikkje lov å gå utanfor stiane, for å spare naturen rundt. Veldig god og tydeleg merking og godt lagt tilrette med bruer der det er vått og sårbart landskap. Kort etappe i dag, med utruleg mykje fint å sjå på!

Starten på turen går oppe langs kanten på kløfta, heilt inn til botnen. Tøft å sjå staden eg har vore dei siste dagane «frå oven». Hljóðaklettar var det andre høgdepunktet i dag – for eit fantastisk landskap av stein! Strukturen, fargen og formasjonane er heilt fantastiske å sjå til. Nokre stadar er det hòler ein kan gå inn i, og ein kan formeleg sjå føre seg alle Islands mytiske skapningar tulle rundt her på nattestid.

Yogacamp

Eg var fyrstemann som kom til campen etter fem timars vandring og fann meg ein fin plass like ved ei lita elv. Medan eg holdt på med tøye-økta mi fekk eg selskap av mine franske teltnaboar, Annabelle og typen som også ville vere med sidan dei trudde eg dreiv med yoga. Etter kvart kom der ein tredje franskmann, Mikal. Så satt me der vi fire, og tøya og prata i vel ein time. Kjekt med litt selskap! Annabelle meinte heilt klart eg burde skaffe meg ein kjærast som kunne bære sekken når me var på tur sånn at eg kunne gå å kose meg med kun det mest naudsynte. Haha! Vel, me var ikkje heilt einige der i korleis arbeidsfordeling på tur bør vere. 😉

Anabelle og typen har gått motsett veg av meg, dei starta i sør og jobba seg nordover. Dei kunne melde at verste vadet på Laugavegur når opp på låret. Når dei kryssa var det ei dame som gjekk åleine som mista fotfestet og for med elva og fekk panikk. Grøss og gru! Det var ikkje spesielt gøy å høyre for ei som aldri har vada før med unntak av 10 minutt testvading i Ørstaelva før avreise…

Tilfeldigvis kunne også Anabelle fortelje om denne karen med den svære sekken dei hadde truffe på. Slikt må ein berre bli nyfiken av, når det er slik at det går gjetord frå snart alle ein treff!

Sånn det ser ut no er det kun eg som går turen denne vegen. Dei eg har truffe i campen går motsett veg.

15. Juli 2016 – Fredag

Vesturdalur – Dettifoss

Lengre etappe i dag, 18 km. Starta 09.10 og var framme i camp ca 15.30. Utruleg fin etappe, med kjempeutsikt til elva, sjåverdigheiter som Karl og Kerling og ulike fossar. Island er så utruleg fint! Generelt sett er livet i seg sjølv utruleg fint når ein går her.

Var jævlig teit og vada den fyrste elva med sko og gamasjar, det fungerte DÅRLEG. Føta var heilt vasstrukne, skona vart tunge, men heldigvis vart det ingen gnagsår som straff for dumskapen.

Siste mila var det konstant sidevind som var tung å jobbe mot, og innimellom kom det vindkuler som sette meg ut av kurs 2-3 steg sidevegs. Med mykje sand i området hamna det sand over alt. På slutten kan ein velgje mellom to alternative ruter. Eg tok den som skulle vere lettast på grunn av tung bør, men det vart einsidig og monotont. Neste gong skal eg ta den meir kuperte ruta som går ned mot elva, det trur eg er mykje finare ut frå dei eg har prata med.

Telting på sand

Det er typisk at fyrste gongen eg skal forankre teltet i sand, så bles det mykje. Heldigvis er ikkje stein mangelvare på Island, så både bardunar og stormmattene vart lessa godt ned. Dette er faktisk den einaste gongen på turen eg kjende at stormmattene var greie å ha. Sett i retrospekt så var det nok overkill bigtime, men det er noko beroligande med å gå ut og legge på enno meir stein når ein er inne i teltet og lagar skrekkfantasiar om at det held på å blåse vekk. Vinden løya etter nokre timar slik at kroppen endeleg kunne gå frå heilspenn til avslapningsmodus. Det er litt rart eigentleg, sterk vind er ein storfavoritt så lenge eg er ute i friluft, men med ein gong eg må inn i teltet blir den skummel. Kanskje det er det å vere «innesperra».

Fyrste gong eg testa Adventure Food til middag i dag, og eg sende ein heil del varme tankar til frøkna som tipsa meg! Godt med noko anna enn Real heile tida. Spesielt når man tydeligvis er så kresen på mat på tur som eg er.

Generelt sett om campen her på Dettifoss, så er den veldig basic og der bles mykje som oftast. Det er sand overalt, vatn får ein kun frå ein dunk som personellet i nasjonalparken fyller på dagleg. Det er altså ein risiko for at det kan vere tomt. Der finst toalett i tilknytning til parkeringsplassen for besøkjande til Dettifoss, men det var ekle greier så å gå ute var faktisk å føretrekke. Ikkje ein plass eg ville brukt mykje tid, kun som ein overnattingsstad før ein drar vidare.

16. Juli 2016 – Laurdag

Dettifoss

ALT eg eig er fullt i sand. Ikkje tru at det her er snakk om den typen sand som let seg koste vekk. Neida, sanden er som limt på, som om tinga mine har ei magnetisk tiltrekningskraft på denne sanden. Sand i tenna, sand i navlen, sand i trusa, sand mellom tærne. Ytterduken på teltet som ein gong var knall raud, er no gråbrun og kjennest ut som sandpapir. Er litt uroa for glidelåsen på teltet når det blir så mykje sand, merkar den går litt meir trått. Så pri en no er å få vaska teltet, og apropos vasking – eg må verkeleg få vaska kle. No kjenner eg sjølv at eg stinkar. Takk og lov er eg åleine på tur!

Det vart sightseeing i beste turiststil langs heile turstien i Dettifoss-området. Det tok vel rundt 45 minutt å sjå «alt» med gode fotopauser. Utruleg flott syn, og regnbogen som oppsto i dropane frå Dettifoss sette ein ekstra spiss på det heile.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.