Jomfrutur for trekkdamene Med dekkja på slep

Scroll this

Eg leitte fram drillen i hui og hast før barkurset på Rust i dag – for å bore hol i dekkja eg har hatt ståande utanfor leiligheita mi ei stund no. Medan eg stod der med ein altfor liten bor, banna litt og streva med å trykkje gjennom ein litt for tjukk festeklave på dekket kom mamma ut, som vanleg ganske nyfiken på kva det er eg har føre meg. «Kva er det du skal trene til da?», undrar ho på. Eg svarar at det er vel ikkje noko spess, før ho kontrar med: «Er det Grønland?» og ler litt.

Ho tek meg litt på senga med den kommentaren. Eg ser nok noko skuldig ut der eg dreg litt på det og seier «tjaaa», for då ler ho høgt og seier «Det var det eg visste! Du og Truls». Hehe… Kjekke mora mi. Men ja. Grønlandskryssing lokkar – og no har eg og Stine starta i det små med dekktreninga slik at kroppane våre er budde på langtur med pulk i framtida.

Sidan vegen rundt Bjørdalsvatnet nyleg er sett i stand att etter raset fann me ut at det var ein fin plass å ta jomfruturen på. Passe kort runde og ikkje så mykje motbakkar. Det er tross alt ganske nytt for oss båe to med dekktrening, så me startar i det små. Me starta med eitt dekk kvar og det gjekk veldig greit, men var lettare enn eg forventa på flata. Det blir nok å auke med eit dekk eller to til etter kvart som trekkeforma tek seg opp.

Me tok oss ein liten avstikkar ned til vatnet på vegen rundt. Av alle ting klarte Stine å få dekket sitt opp å stå på høgkant medan ho gjekk og jaggu trilla det ikkje forbi ho! For ein komisk situasjon – her har me sett for oss sveitte og blodslit så kjem dekket trillandes i fin fart. Me fekk oss i alle fall ein god latter, og enno meir latter vart det når me testa ut motbakkespurt når me skulle opp att til vegen. Då kjende me at det var ikkje berre-berre å drasse på eit dekk som hektar seg fast i alt mogleg.

Tida gjekk fort rundt vatnet – eg skjønar godt dei som hevdar at å trekkje dekk er meditasjon. Klare tankar og klart hovud ute i frisk luft. Båe store og små verdsproblem vart løyst der me gjekk i fint driv.  Når me kom inn på temaet Lofoten og klatring suste verkeleg tida av stad og det vart nokre lukke-sprett på vegen i rein og skjær glede over det som kjem. Berre 14 veker til me skal på klatretur no! 🙂

Dekka våre oppførte seg ganske fint i løpet av turen, det einaste me opplevde av hindringar var kvar sine sauebæsjar å forsere (vil jo ikkje ha drit i bilen 😛 ), noko me klarte på eit eksemplarisk vis. Like a boss x2!

Vel attende med bilen såg eg ein matboks som låg på bakken. Fyrst trudde eg at nokon hadde gløymt att maten sin, men det synte seg at det var ein Geocaching-boks av alle ting. Artig sak! Me skreiv oss inn i boka, tok ut ein ting av boksen og la inn ein ny. Det freistar litt å sjå kva som finst av slike bokser rundt om her, kanskje er det nokon som ligg på spanande lokasjonar?

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.