Kilimanjaro #Kililuffare på Afrikas tak

Bærarpyramide i solnedgangen

Scroll this

Eventyret starta ein dag eg og Stine var å klatra i siloen. Eg hadde brukt ein del tid på internett og blitt inspirert, og prata om at eg hadde lyst til Kilimanjaro. Det hadde Stine òg lyst til, og dermed vart det bestemt – dit skulle vi hausten 2014.

Kilimanjaro er eit forholdsvis enkelt, høgt fjell der det ikkje er behov for å kunne noko anna enn å gå på beina. Det er ein av seven summits, som dei aller, aller fleste kan klare med litt motivasjon. Alt i alt er det ein fin vandretur i variert terreng (kjem også litt an på kva rute ein går).

Det vart mykje forsking på ulike aktørar som tilbyr turar til Kili. Ein kan få veldig billege turar eller dyrare turar. For oss var det viktig å sikre at berarane som vart leigd inn av selskapet fekk bra betalt og gode forhold. Å bidra til underbetaling og utnytting av menneske som bidreg til at vi kjem oss på toppen var ikkje aktuelt, så det er eit moment å passe på om ein vurderer ein slik tur (les meir informasjon frå Kilimanjaro Porters Assistance Project her). Berarane våre fekk betaling i øvre del av skalaen, noko anna skulle berre mangle. Dei bèr alt fellesutstyr til camp, duffelbaggar med deltakarane sitt utstyr, søppel, toalett og mat til gruppa slik at kvar enkelt deltakar kun bèr ein dagstursekk med toalettsaker, drikke, kle og noko å ete.

Det kan vere greit å tenkje over om ein vil ta førebyggjande medisin mot malaria når ein reiser til Tanzania. Vi valde å ikkje gjere det, på grunn av at myggen ikkje finst på fjellet og at vi skulle opphalde oss på hotellet når vi ikkje var på fjellet. Malarone kan gi biverknader som vi ikkje var interesserte i å eventuellt oppleve når risikoen for å få det er såpass liten. Vi gjorde det vi kunne elles for å sikre oss mot myggen, som å ikkje ha ope vindauge, unngå «myggfargar» på kle og å bruke DEET myggmiddel (av den sterke typen som er i utlandet) når vi var ute. Ein anna ting å tenkje over er om ein vil bruke Diamox for å redusere sjansen for å få høgdesjuke, eller for å ha i backup dersom ein skulle bli høgdesjuk. Vi hadde ikkje med oss det og klarte oss heilt fint utan. Vaksiner må ein sjølvsagt hugse på å få tatt i god tid før avreise, og pass på å få godt med stempel i vaksinasjonskortet.

Vi valde Fram Expeditions som leverandør og var godt nøgde med dei. Oppfølgjinga i forkant var god, med pakklister med forslag til utstyr, treningstips og god informasjon om turen. Guidane våre på turen, Ryan Waters og Christian Styve var vi godt nøgde med, dyktige folk med mykje spanande å fortelje frå sine eventyr og godt humør. Vi gjekk Machame-ruta, som er den mest varierte ruta opp, ein veldig flott tur.

Eg hadde ikkje noko erfaring med teltturar frå før, erfaringa mi strakk seg til toppturar av ulik lengd med lett sekk på ryggen og eit solid grunnlag i form av fleire år med tung styrketrening. Forma og manglande telt-erfaring var ikkje til noko hinder på turen.

Kveldane i teltet gjekk med til dagbokskriving, og eg skreiv nesten ut ei heil bok i løpet av denne turen. Av erfaring veit eg at om det blir mange inntrykk så er mykje gløymt etter kort tid. Nokre dagar hugsa eg knapt kva eg gjorde om morgonen når kvelden kom. I fanene i toppen er referat frå turdagboka mi (artig å lese for min eigen del no i ettertid, spesielt morsomt kor opptatt eg er av å gå på do 🙂 ).

Biletgalleri frå turen finn du her: Kilimanjaro 5895 moh.

Konsentrert dagbokskriving. Foto: Stine Lystad
Konsentrert dagbokskriving. Foto: Stine Lystad

Utstyr

Ein bør tenkje på at det krevst ein god del utstyr, som gjerne kostar litt når ein skal på ein slik tur. Så om ein er i same situasjon som eg var og manglar nesten alt på pakklista er det lurt å finne ut kva utstyr ein treng og vil ha (les deg opp på brukarerfaringar, ulike forum, feks Fjellforum og snakk med kjentfolk med erfaring), og deretter ha ein fast rutine på å følge med på kva som er på sal i dei ulike nettbutikkane, det kan endre seg frå veke til veke. Eg starta planleggjing og handling rundt eit år i forvegen. Slå til når det du har sett deg ut er på tilbod. Vel kvalitet, det er ikkje alle merker som er like bra og haldbart – ein vil jo gjerne ha nytte av utstyret i lang tid etter turen også.

Det meste av utstyret mitt er kjøpt til veldig gode prisar på tilbod, noko av det er også kjøpt på tilbod i utanlandske nettbutikkar som er veldig mykje billigare enn å handle i Noreg, sjølv på tilbod. Sportsutstyr og sko er tollfritt, mens klede er tollpliktig (bestill difor ikkje klede i lag med tollfritt utstyr, då må det betalast toll på heile pakkens verdi). Hugs å ta høgde for fortollingsgebyrmeirverdiavgift og vel billegaste fraktalternativ sjølv om det tek lengre tid. Eg trur ikkje eg overdriv om eg anslår å ha spart rundt 10.000 på å handle på sal kontra full pris i butikk, kun på utstyrslista under.

Nettbutikkar eg har handla mykje frå

  • Outnorth – Stort utval, men enkelte ting er ikkje lagerført, som fører til lang leveringstid. Ofte gode tilbod, norsk nettbutikk. Gir Kickback om du er registrert der, så du får pengar igjen når du handlar (hugs å gå inn på sida via Kickback.no).
  • Fjellsport – Stort utval, ofte gode tilbod, enkelte gonger opplevd lang leveringstid, norsk nettbutikk.
  • Tromsø Sport – Bra utval, som regel gode prisar på bekledning, norsk nettbutikk.
  • Sportsnett – Stort utval, gode tilbod, fyl med på «Dagens røver» som er dagens tilbod, norsk nettbutikk.
  • Oslo Sportslager – Stort utval, ofte gode tilbod, norsk nettbutikk.
  • KomplettFritid – Litt mindre utval, men tidvis gode tilbod, rask levering, norsk nettbutikk.
  • Telemark-Pyrenees – Stort utval, veldig god kundeservice, dei trekk frå lokal mva på prisen når ein bestiller til Noreg, utanlandsk nettbutikk.

Utstyrsliste og mine val

  • Varme og solide fjellsko – må vere vasstette og tåle ned mot 10-15 minus, og ha plass til både tynne og tjukke sokkar.
    La Sportiva Trango S Evo GTX.
    Var i kjøligste laget toppnatta men super støtte for beina.
  • 1 par justerbare gå-stavar.
    Black Diamond trekking pole.
    Undervurdert å gå med stavar – spesielt toppnatta var dei fine å «henge» og kvile litt på.
  • 2 solide baggar, L eller XL i størrelse. Den eine baggen (porterbagen) skal berast av berarane på fjellet og må vere 100% vasstett. Den andre baggen skal leggjast att på hotellet med alt utstyret ein ikkje treng på fjellet.
    The North Face Expedition Duffelbaggar i størrelse L og XL.
    Romsleg og holdbar bag som eg vil få nytte av seinare og.
  • 2 t-skjorter i polypropylene eller ull.
    Devold Active ullskjorter.
    Hadde desse frå før.
  • 2 langerma skjorter i polypropylene eller ull.
    Devold Active ullskjorter.
    Hadde desse frå før.
  • 1 softshelljakke eller tynn fleecejakke.
    Houdini Power Houdi.
    God jakke, men luktar fort.
  • 1 Dermizax eller GoreTex-jakke som er vind og vasstett. Bør vere romsleg nok til å ha to lag under og bør ha hette.
    Arc’Teryx Alpha SV.
    Verd si vekt i gull! God jakke med bra luftemoglegheiter og godt plasserte lommer. Fint med brem og god stramming på hetta. Mykje brukt også etter turen.
  • 1 dun eller syntetisk jakke. Må ha hette og vere varm nok ned mot 10-15 minus.
    Arc’Teryx Cerium LT Hoody
    Arc’Teryx Atom LT Hoody
    Her gjekk eg for begge deler. Syntetjakka for ikkje fullt så kalde dagar og dunjakka for dei kalde dagane. Brukte begge to på turen og dei er i bruk nesten dagleg elles i vinterhalvåret. Bra kjøp, men skulle ønskt eg hadde ei dunjakke som gjekk nedom rompa på turen.
  • Underbukser syntetisk, silke eller ull.
    Bokser frå Supernatural i ull
    Truser frå Pierre Robert i syntet
    Definitivt best med ullbokser, den sparte eg til siste dagane mot toppen av fjellet. Syntet bør ein bytte oftare, så skulle gjerne hatt med kun ulltruser.
  • 1-2 par tynne sokker i polypropylene eller ull.
    Tynne linersokkar i ull
    Fine for bruk i dei lavaste delane av fjellet og på varme dagar. Også som innersokk toppnatta.
  • 2-3 par tynne tursokker i polypropylene eller ull.
    Tynne linersokkar i ull
  • 2 par medium til tjukke sokkar til toppen av fjellet. Sjekk at du får både tynne og tjukke sokkar i skoa.
    Helly Hansen Thermal sokk
    Norheim tursokk
  • Gamasjar, kan vere ok å ha siste natta, ikkje obligatorisk.
    Lånte mamma sine.
    Kjekt å ha for å halde litt betre på varmen og begrense støv/stein i skoen.
  • 1 par nylon/bommulsshorts
    The North Face safaribukse som kan gjerast om til shorts.
    Beige, stygg bukse som aldri meir kjem til å bli brukt med mindre eg skal på safari.
  • 1 eller 2 par nylon/bomull trekkingbukse eller softshell klatrebukse, brukast på dagsturane i fjellet.
    Fjällräven Keb bukse
    The North Face safaribukse
    Brukte stort sett Fjällrävenbuksa. Veldig god å gå med, gode luftemoglegheiter og praktiske lommer.
  • 2 par longs, helst ull.
    Devold Active
    Devold Expedition
    Hadde frå før. Greit å ha ein tynn og ein tjukk. Brukt som pysj i soveposen og begge to vart brukt toppnatta.
  • 1 par fleecebukse
    Kari Traa fleecebukse
    Vart ikkje brukt av meg på turen, lånte den bort på toppnatta.
  • 1 par hardshell bukse i Dermizax- eller GoreTex-materiale, bør ha glidelås langs heile sida.
    Tierra 3-lags GoreTex bukse
    Lett og god bukse med gode ventilasjonsmoglegheiter.
  • 1 par joggesko til bybruk og safari. Kan også nyttast på dei lavare delane av fjellet.
    Salomon Caliber GTX
    Flaks-kjøp som vart gjort få timar før avreise, behageleg og lett på foten.
  • 1 par sandalar.
    1 par gamle Eccosandalar eg arva av lissjebror
    Gull verdt å sleppe tærne fri etter fleire dagar i fjellsko.
  • 1 par hanskar til bruk når det blir for varmt med vottar men for kaldt uten.
    Arc’Teryx Beta AR glove
    Veldig greit å ha todelt hanske med ytterdel i GTX som er vass- og vindtett og innerhanske som kan takast ut for tørking. For kalde til toppnatta, men GTX-skalet var veldig fint å bruke utan fôr når eg vart solbrend på henda og måtte skjerme dei for sola. Mykje brukt i ettertid på ski og tur.
  • 1 par vottar som tåler vind og nedbør, helst todelt.
    Skalvott frå McKinley lånt av stefaren min
    Heimestrikka, tova ullvott frå mamma
    Supre å ha på toppnatta då det kan vere veldig kaldt. I vottar er det god plass å leggje inn varmeposar i tillegg.
  • 1 varm hue som går ned over ørene.
    Kari Traa Fleecehue
    Hadde frå før. Grei i nedre delar av fjellet, kombinerte den med balaclava toppnatta.
  • 1 balaclava i tilfelle det er kaldt og vindfullt toppnatta
    Tjukk Devold balaclava
    Hadde frå før. Gull verdt for min del på toppnatta.
  • Hovudlykt og batteri til denne.
    Ledlenser H14
    Hadde frå før. Seriøs overkill. Unødvendig tung og å måtte drasse med 4 batteri for eit batteriskift er berre unødvendig. Burde kjøpt ny lykt til turen som var lita og lett.
  • 1 caps
    Salomon tynn sportscaps
    Hadde frå før. Must om ein ikkje tåler så godt sol. Hadde i tillegg laga ein solskygge av ein oppklipt buff eg hadde under for å skjerme nakken og sida av ansiktet. Ser dust ut, men det funkar.
  • 1 par solbriller med god dekning på sidene.
    Sportsbriller kjøpt på sportsbutikk.
    Bomkjøp. Vonde å ha på over lengre tid og pressa på skallen. Både eg og Stine mislikte desse.
  • 1 sovepose, dun eller syntetisk. Må tåle temperaturar ned mot -12 til -17 grader.
    Mountain Equipment Womens Dreamcatcher 850
    Veldig fornøgd med denne, sov i truse og t-skjorte nesten kvar natt og var nesten for varm. Brukast som vinterpose no i ettertid.
  • Liggeunderlag, oppblåsbart som ein ligg godt på.
    Exped Synmat UL 7 LW
    Langt og ekstra breidt liggeunderlag, med god liggekomfort. Praktisk at det fylde med schnosselbag for å pumpe opp, då går det mykje fortare. Mykje brukt i ettertid sidan det er lite og lett.
  • 1 dagstursekk til bruk på fjellet, 35-55 liter.
    Osprey Variant 52
    Veldig fin til bruk på fjellet, men kunne klart meg med ein mindre sekk. Fin til korte teltturar heime og dagsturar. Feste for ski, hjelm, tau og klatreustyr gjer at dette er ein sekk som blir mykje brukt.
  • Fyrstehjelpssaker:
    1 boks breidspektra antibiotika (er allergisk mot penicillin så måtte ha med eigen), 1 boks Ibux 400 mg, 1 boks Paracet 500 mg, 1 boks canesten (just in case), Salve mot insektstikk (obligatorisk når ein reagerer på sånt), 1 tube hydrokortison (mot inflammasjon og kløe), betennelsesdempande salve, gnagsårplaster, talkum, sportstape, immodium, idoform, antibac, nasespray, halspastillar, neglesaks. I tillegg hadde Stine med Resorb hydreringstablettar og vitamintablettar + litt anna. Vi delte fyrstehjelpssakene mellom oss for å spare vekt og utgifter.
  • Solkrem med høg faktor og lipsyl med faktor 30.
    Mamma hekla ein hendig haldar for å feste lipsylen i til meg. Veldig kjekk å ha slik at eg ikkje mysste den og alltid hadde den tilgjengeleg rundt halsen.
  • Vassflasker med stor opning.
    Camelbaksystem går fint i dei lavare delane av fjellet, men på toppnatta er det berre å droppe og gå for Nalgeneflaske eller liknande.
    Eg drassa rundt på 2 liter vatn i Camelbaken opp og ned på toppstøtet som eg ikkje fekk dråkke av (falt meg ikkje inn å tøme det ut ein gong så sliten eg var). Det var null hjelp i å bruke isolert slange og å blåse vatnet tilbake etter å ha supa litt.
  • Handduk.
    Sea to Summit reisehandduk.
    Liten og lett og god nok.
  • Øyrepluggar.
    Must for å få sove på natta! Ein ligg i store campar med naboar på alle kantar og mykje lydar. Ta med nokon par ekstra i tilfelle du rotar dei vekk.
  • Våtserviettar, vanleg, intim og antibac.
    Fine å ha til kattevask i teltet – gjer underverk for kor fresh ein kjenner seg.
  • Bøker.
    Lesestoff er kjekt å ha i camp. Eg hadde med boka «Kilimanjaro – a trekking guide to Africa’s highest mountain» av Henry Stedman som inneheld mykje artige fakta om fjellet, historikk frå gamle tider, kampen for å kome seg opp fyrste gong, funfacts, informasjon om geologi, fauna og dyreliv illustrert med bilete. Det er også informasjon om alle rutene på fjellet, ei kjekk bok å slå opp i på vegen opp. «Altitude Illness: Prevention & Treatment» av Stephen Bezruchka var også med, for å slå opp i og lære meir om høgdesjuke på veg opp. Det gjer det litt lettare å kople reaksjonar i kroppen til høgda når ein har ei bok med mykje informasjon, som informasjon om HAFE. 😉 Eg hadde også med eit kart over Kilimanjaro slik at eg kunne krysse ut campane våre etter kvar som vi gjekk oppover.
  • Ipod eller mp3-spelar.
    Hadde med ein gammal mp3-spelar eg fekk av mamma. Fin å ha på toppnatta når ein ikkje har energi til å prate og berre tuslar i sin eiga verd.
  • Kamera. Eit must for å forevige turen. Hugs ekstra batteri og ladar.
  • Straumadapter er veldig kjekt å ha for å lade saker og ting på hotellet.
  • Snacks. Eg laga rundt 1,5 kg med snacksposar heime før eg for med nøtter og sjokolade. Hadde også med knekkebrød, skinkeost, potetgull og kjeks. Eg åt veldig lite av dette så ga det vekk på slutten av turen.
  • Tørrsjampo. Funkar for å kvitte seg med fett hår i dei lavare delane av fjellet, men ville ikkje brukt det mot toppen pga trykket.
  • Tjukkesokkar. Deilig å ha i soveposen.
  • Varmeposar. Også veldi deilig å ha i soveposen og i vottane på toppnatta.

Dag 1 – Hovden-Oslo

Reiste til Oslo etter å ha stressa heime med å pakke ferdig. Det var to veldig klare jenter som reiste frå Hovden! Fekk oss ei overrasking når det viste seg at det var 48 minutt å gå frå flyplassen til hotellet. Det vart taxi. 🙂

På hotellet samanlikna vi utstyr og sjekka at alt var på plass. Stjal varmt vatn i resepsjonen og kosa oss med Real Turmat til middag. Eg stjal ein gaffel. Super-badass! La oss tidleg sidan vi skulle stå opp 03.30.

oslo

 

Dag 2 – Oslo-Arusha

Etter ei natt med lite søvn grunna sommarfuglar i magen, sto vi opp kl. 03.30 for å kome oss av garde til flyplassen i tide. Etter å ha sett oss litt rundt på flyplassen konkluderte vi med at gjengen med mange store duffelbaggar og ryggsekkar måtte vere «vår» gjeng. Det viste seg å stemme, og vi vart introduserte for dei 6 andre som skulle reise frå Gardermoen, samt eine guiden vår, Christian.

Klokka 06.30 gjekk flyet frå Gardermoen til Amsterdam og den reisa gjekk fint. Eg sat saman med Kathleen, ei hyggjeleg dame frå Sola som har vore med på mykje spanande, deriblant Grønlandskryssing. Å høyre på reiseskildringane hennar er utruleg artig (og litt inspirerande).

I Amsterdam rakk vi i grunn berre å gå gjennom den gigantiske flyplassen frå gate B der vi ankom, til F8-gaten vi skulle reise vidare frå. Eg rakk å kjøpe med meg malariaspray (DEET, mykje heftigare enn ein får kjøpt i Noreg), nasespray og antibac. Skulle gjerne hatt tid til å kike litt meir.

Flyet vårt vidare til Kilimanjaro International Airport vart forseinka grunna ein person som hadde sjekka inn tre kolli bagasje men ikkje møtt opp til flighten slik at dei måtte plukke ut att bagasjen. Travelt! Dei siste deltakarane møtte oss i Amsterdam slik at vi vart fulltallige på flyet. Flymaten til KLM var overraskande OK, med masse snacks og drikke på turen. Grunna litt doskrekk frå mi side måtte eg få ei lita do-omvisning før eg turte å prøve flydoen. Alt ein skal no slite med her i livet. 😉

Etter nesten 9 timar i fly til Tanzania vart total flytid denne dagen rundt 11 timar. Litt for lengje å sitje passiv og berre vente på å kome fram. Flyplassen i Tanzania var prega av enkle forhold, og var ikkje spesielt sikkerheitsprega slik vi er vand med heimanfrå. Eg, Stine og to til var dei einaste i gruppa som ikkje fekk fancy visum-merke i passet, kun eit enkelt stempel. Vi vart litt skuffa over det sidan det er litt stas med stæsj i passet. 🙂

Eit par blide sjåførar henta oss på flyplassen (generelt alle vi har truffe hittil har vore veldig blide!) som lødde baggane våre bake i ein gammal, tvilsam buss medan vi fann oss sitjeplassar lengre framme. Eg vart enno meir skeptisk til bussen enn det eg var i utgangspunktet når eg såg at sikkerheitsselen min var heimemekka… TRYGT.

Køyringa gjekk ikkje akkurat roleg for seg, det var mykje tut-tut-flytt-deg og forbikøyring, så eg var faktisk glad for at det var ei gamml horv som ikkje gjekk fortare… Trafikken her i Afrika er ikkje noko for meg. Eg tru «tut» betyr «her kjem eg, DU har vikeplikt». Heldigvis kom vi fram til hotellet like heile.

Hotellet ligg ute i bushen, og ser riktig bra ut! Afrikansk dekor på veggane, elfenbein osv. Her er alle fasilitetar som trengs: bar, fin restaurant, badebasseng, fin hage og veldig hyggeleg betjening.  Til middag valde eg ein tradisjonell kyllingrett som var veldig god. Til middagen vart det Kilimanjaro-øl, det var saker! På hotellet møtte vi også vår guide nr.2, Ryan. Kjekk og morosam kar var fyrsteinntrykket.

Vi la oss seint, på gnallharde men gode senger. Romet vårt var fint, men dårleg do.

 

Dag 3 – Hotel Protea Aishi

Sto opp 07.30, dautrøtte. Kunne godt sove eit par timar til! Frukostbuffèen starta 08.00 og der kunne vi velgje mellom frukt, frukostblanding, jogurt, brødmat (men kun ost og ei litt tvilsam skinke å velgje i til pålegg…) og varmrettar. Eg toasta brødet og drista meg til å smake på skinka, som smakte heilt greit.

Det vart fire koppar kaffi til frukost, noko som heldigvis hjalp bra på fordøyelsen! Har nok litt stressmage og vanskeleg for å gå på do på nye plassar. Men med Stine som reisefølgje er det heldigvis klar beskjed om at dette må ein få til.

Etter frukosten var det tid for fellesmøte der vi fekk mykje god info om turen. Eg vart spesielt letta over å få vite meir om toalettforholda. Trur eg skal klare meg fint utan for mykje styr, sjølvom eg skjønte det at ein kanskje bør førebu seg på diarè sidan det er veldig vanleg å få.

Vi gjekk ein liten tur i området rundt hotellet etter møtet. Det fekk vi sjå fleire apekattar og ekorn som kosa seg i trea utanfor hotellet. Artig syn! Ekorna var spesielt søte, dei har mykje mindre fluffy hale enn dei ekorna vi har heime. Vi var også ein tur ned til elva for å sjå, og då kom ein heil haug med ungar frå andre sida av elva vassande over for å helse på oss. Store smil og utadvente ungar som ikkje var redde for å helse på oss. Kjekt!

Det var ein del straumbrot på hotellet i dag (kan ha noko å gjere med det shabby straumnettet, linjer på halv åtte og tvilsamme trafo-arrangement. Slikt legg energimontørar på tur merke til. 😉 ) og dørlåsane slutta å fungere slik at vi ikkje kom oss inn på rommet vårt.

Apropos ting som ikkje fungerer – ei av jentene var på do, og når ho skulle skylle ned virka det ikkje. Ho gjekk stilt og roleg derifrå. Glad det ikkje var meg, eg hadde vel fått panikk! 😛 Dusjen heller virka ikkje, vi hadde kun kaldevatn. Eg tok vatn på henda og strauk over kroppen utanfor dusjen, såpa meg inn og fyrst då gjekk eg inn i dusjen for å spyle av meg i full fart. Ikkje spesielt behageleg!

Til lunsj åt vi god pizza, før vi gjekk opp på romet for å organisere duffelane og sekken. Ikkje så veldig motiverte for pakking, men vi fekk det gjort så no er vi spenna klar.

Eg handla også litt i shopen som er her, 6 KitKat-sjokoladar og ein pose afrikansk kaffi eg tenkte eg kan gi til Håvard. Må nok ta ut litt meir dollar slik at eg kan kjøpe med meg litt meir heim. Kaffien kosta $10 og per KitKat $2. Litt dyrt, men sånn er det vel på turistsjapper.

Middagen var veldig koseleg, god stemning og masse latter. Føler at vi er ein veldig fin gjeng! Det vart biff og chips til middag. Litt tørt kjøtt men elles godt. Det vart sjølvsagt Kilimanjaro-øl i dag òg.

Vi kvelda tidleg, rundt klokka 22.00 så vi er klare for tur i morgon. Jiha! 🙂

Fin og rein gjeng før avmarsj. Foto: Ryan Waters
Fin og rein gjeng før avmarsj. Foto: Ryan Waters

Kili dag 1 – machame gate 1800 moh.-machame 3021 moh.

Vi sto opp klokka 07.00 og leverte baggane i resepsjonen 07.30. Dei vart pakka inn i gedigne pakkposar som er vasstette, slik at dei ikkje blir våte på veg opp.

Frukosten på hotellet var bra i dag òg, der var til og med pannekaker! Eg åt tre stykker, pluss to brødskiver og frukt. Prøvde meg på eggerøra i dag , og det ser ut som at magen takla det bra.

Vi reiste frå hotellet klokka 10, etter å ha betalt for drikka vi hadde kjøpt i løpet av opphaldet. Det måtte tre forsøk til før betalinga gjekk gjennom på grunn av dårleg internett. Vi hadde kjøpt drikke for $13.75, så det var ikkje så dyrt.

På veg til fjellet køyrde vi same buss som tidlegare, men det kjendest tryggare denne gongen sidan vi køyrde på ein mindre trafikkert veg. Det regna lett frå morgonen av, men det vart gradvis meir regn og tåke di høgare vi køyrde. Vi såg mange afrikanarar som var ute å gjekk, det er tydeleg at paraply er tingen her. Eg såg faktisk ei dame som hadde trædd ein bosspose over håret sitt. Kanskje ho hadde ny sveis? 🙂

Ved Machame Gate (1800 moh) gjekk vi ut av bussen og sprang gjennom regnet for å kome oss under tak og i ly. Der er ein stor paviljong med benkar og bord. Vi måtte sjølvsagt på do, og eg fekk litt angst når det fyrste eg såg var ein hol-i-golvet-do… Heldigvis var det ein vanleg do bak døra ved sidan av! Puh!

Vi starta å gå ca 11.50 sidan vi vart litt forsinka på grunn av regnet og innskrivinga i parken. Fyrste del av turen gjekk på grusveg og deretter på fint tillaga gangsti. Berarane suste forbi oss på veg opp, med tunge bører på hovudet. Dei har retro utstyr: fargerike old-school sekkar og kle. Nokre av dei har med seg radioar som vi høyrer på lang lei. Artig. 🙂

Vi hadde ei tissepause i overgangen mellom grusveg og sti, der det var ein utedo. Der var det hol i golvet, men det gjekk faktisk heilt fint! Det vart også ein del utetissing på veg opp til camp, men det gjekk bra. Eg er snart ute-tisse-proff. 🙂 Vi såg også spor av at ein del folk hadde gjort nr.2, så det gjeld å passe godt på kvar ein trakkar når det er tissepause.

Turen opp til camp gjekk veldig bra, vi snakka mykje og fekk høyre ein del artige historier. Nokre i gruppa fekk litt hovudverk, men eg kjende ikkje noko ubehag. Var veldig flink å drikke vatn. Det var artig å sjå endringa i naturen på veg opp. Vi starta i tjukk jungel (men ingen dyr å sjå… 🙁 ) som gradvis vart tynnare og meir lys slapp til etter kvart slik at vi også såg litt meir blomar. Ein vekst var skilta med «St. Johns Wort». Undrar på korleis denne St. John såg ut!

Av uhell på veg opp var det berre Thea som gjekk seg pladask inn i ei grein slik at ho fekk den midt i planeten. Det virka som at det gjekk bra, heldigvis. Vi hadde lunsj undervegs, der berarane hadde rigga opp bord med duk og stolar som sto klart når vi kom fram. Vi fekk servert mango, jus, sandwich med ost og tomat samt avokado og mini-bananar. Avokadoane her er heilt nydelege, av ein heilt anna standard enn den som selgast i butikkane heime. Det var rimeleg spesielt å sitje å ete når folk går forbi på stien 2 meter vekke.

Omtrent 10 minutt etter vi var ferdige å ete ramla det ned ei tjukk, råtten grein frå eit tred på staden vi åt lunsj. Flaks at det skjedde etterpå og at ingen sto der akkurat då den datt. Den høyrdes temmeleg tung ut, etter braket den laga når den landa å døme.

Vi var framme i kamp i 18-18.30-tida etter å ha gått meir eller mindre kontinuerleg. Trur vi har gått langt i dag! Vi valde oss eit telt og pakka ut sovepose og liggeunderlag. Berarane kom med kvar sin vaskebalje med varmt og godt vatn. Det gjorde veldig godt for kalde hender! Eg bytta om til nye kle frå inst til ytst, noko som var veldig godt. Det er ikkje så nice å gå og vere klam og kald.

Det vart servert snacks i middagsteltet etter ankomst i campen: mariekjeks, frukt og kaffi/te/kakao. Vi har forresten ikkje lov å flytte på duffelane våre sjølv! Det skal visst berarane gjere så vi ikkje slit oss ut… Vi har to do-telt i campen som består av eit høgt, smalt telt, ei sitteramme med sete og hôl i midten og ei bøtte under. Eg hadde visse vanskar med ein gong, så Stine og eg måtte ha ein høglytt samtale for at eg skulle få til noko. Tynn teltduk gir ikkje så mykje privatliv. Det vart både nr.1 og nr.2 i løpet av tida i campen (heldigvis, var litt redd for forstoppelse). Teltet er gjennomsiktig, så trikset er å ikkje lyse på teltet verken innanfrå eller utanfrå sidan ein då ser den som er der inne.

Middagen i dag besto av nydeleg grønsakssuppe til forrett, kylling, chips og salat til hovudrett og frukt til dessert. Kjempemessig! Nydeleg god mat.

Teltet vårt er veldig koseleg. Vi har kvar vår side som er fast. Desse telta (typen) er faktisk blitt brukt til Sydpolen! Bra saker. Liggjeunderlaget er veldig godt, og soveposen likeså, sjølv om den er veldig varm. Eg enda opp berre i tjukkelestar, truse og t-skjorte sidan det vart for varmt med stilong og hue i tillegg.

Merkar godt at ein får mykje luft i magen i høgda, både eg og Stine prompar MASSE! Heldigvis er det smygete jentefisar. 🙂 🙂

kili dag 2 – machame 3021 moh – shiraplatået 3893 moh.

Vi gjekk til Shira-platået. Skriv i stikkordsform sidan det er litt slitsamt å skrive i dag.

Frukost: Havregraut, frukt, egg og pølse. Masse vatn.
Lunsj: Pastasalat og mango, avokado og grøne, søte appelsiner.
Middag: Frityrsteikt fisk, tomatsaus, ris og suppe til forrett. Likte ikkje så godt middagen (suppa var god).

Vi starta å gå 08.30. Gjekk i front heile tida sidan det er meir motiverande for meg enn å sjå ryggane til folk. Kroppen var i veldig god form og eg merka ikkje noko til hovudverk som mange andre gjer. Når vi kom til camp var eg einaste veldig «heit i haudet» av sola, så holdt meg i teltet til sola gjekk ned for kvelden. Veldig trøytt og ikkje like stor matlyst som i går.

Artige steinformasjonar på veg opp, ikkje så mykje tred, men ein del blomar. Ein luftig passasje på vegen. Vi fekk godt utsyn til fjellet frå Shiraplatået og tok gruppebilete med fjellet som bakgrunn. Ryan fortalde om vulkanane og danninga av området. Eg tenkte at eg må ta eit lite sjølvstudium i geologi. Han viste meg to typiske steinar herifrå: basalt og obsidian.

Vi fekk snack på turen opp til neste camp: mangojus, veldig tørt rundstykke og ein banan som eg presterte å trakke på… Åt resten av bananen som ikkje vart most. Det var to gedigne ravnar på snackplassen, skikkeleg svært beist. Oppdaga at melkesjokolade smeltar fortare enn mørk sjokolade.

Når vi kom fram til campen på Shiraplatået helste berarane ogss med sang når vi vandra inn i campen. Kjempekjekt for oss etter ein lang dag på føta. Dei var flinke og skapte god stemning. Hadde lite matlyst til middag sidan eg hadde ete sørlandschips og Gjende sjokokjeks i teltet. Eg underheldt Stine (og forsåvidt også dei innanfor høyrevidde av teltet vårt) med å lese høgt frå boka om høgdesjuke eg hadde tatt med (The Mountaineers Books – Altitude Illness: Prevention & Treatment). Der finn ein beskrive ein tilstand som kallast HAFE, som står for High Altitude Flatulence Expulsion. Veldig artig at dei har eit namn for det. Der fann vi i alle fall forklaringa på den store gassproduksjonen! Boka slår fast at det er eit område som ikkje blir forska på, og at det er ufarleg, men irriterande for turkameratane som blir påverka av prompinga.

Vi tok oss ein kattevask i dag, skifta truse. Merka av campane vi har vore i på Kilimanjaro-kartet og lest litt om høgdesjuke. Sov litt i teltet tidleg på kvelden. Det tok ei stund før eg sovna for natta, eg måtte på do, drikke, ta av bh, ha på lipsyl, stappe inn øyrepropper og ta av meir kle før eg fekk sove.

kili dag 3 – shiraplatået 3839 moh. – barranco 3986 moh. via lava tower 4700 moh.

Våkna tidleg i dag og måtte faktisk vente ei stund på at berarane skulle kome med kaffi på teltdøra. Kjempekoseleg morgonrutine som gjer at vi kjenner oss litt vekkskjemde. Til frukost fekk vi egg og bacon, toast og frukt.

Vi starta å gå 08.30 og var framme i Barafu Camp ca kl. 18.00. Lang dag! Når vi skulle ta lunsj på om lag 4500 moh. vart eg akutt kvalm når eg gjekk inn i lunsjteltet. Der var kjempevarmt og det kjendes klaustrofobisk. Eg fekk ned eit par bitar toast og eit par bitar pannekake. Eg klarte ikkje ete meir sidan det holdt på å kome opp att. Gjekk ut i den friske vinden, noko som hjalp litt. Eg var veldig kvalm opp til high-pointet vårt for dagen, Lava Tower (ca 4700 moh). Kvalmen ga seg på rundt 4000 moh i løpet av nedstigninga til Barafu Camp. Er også veldig låk i nakken på grunn av at eg går med hovudet bøygd for å sjå kvar eg går og for å unngå sol i fjeset. Veldig sterk sol her.

Fekk nakkemassasje med Stine som gjorde veldig godt, og ibux og paracet tok seg av resten av nakkesmertene.  Høyrde rykte frå Rolf om at det er SPA-avdeling på Kibo Palace som vi skal bu på når vi kjem ned, det vurderer eg sterkt!

Vi gjekk i veldig flott terreng i dag, god, ganske flat sti og mykje flott å sjå på. Kjekt å sjå vulkanen Mt.Meru trone opp over skydekket. Vi leitte lenge for å finne campen vår (det er stort her!) sidan her var så tjukk tåke når vi kom til camp at vi berre hadde nokre få meter sikt. Vel installert i camp samla vi oss ein gjeng i middagsteltet og snakka over mange koppar te. Koseleg! Til middag fekk vi servert Lik-suppe (purreløk) som var veldig god og spagetti til hovudrett. Kokkane har overbevist stort!

Utsikta til fjellet er fabelaktig herifrå, ein kan sjå isbreeane på toppen lyse opp i skinet frå månen og stjernene på himmelen. Ein deilig plass å vere.

Soveposen var litt fuktig når eg pakka den ut, så er litt spent på om den varmar like godt i natt. Vi fekk vite at vi får sove litt lengre i morgon sidan vi har kort dagsetappe. Det blir godt. 🙂

Stine har hatt hovudverk og kjent det litt i brystet i dag. Eg har litt vondt i lungene ved pusting. Ryan lærte oss «Pressure Breathing» som går ut på å trekke pusten djupt gjennom nasa og puste hardt ut med munnen. Dette skapar undertrykk i botnen av lungene slik at ein får ut det som er av CO2. Dette er viktig å gjere med jamne mellomrom sidan åndedraga vert veldig grunne og raske i stor høgd slik ein ikkje får bytta ut all lufta i lungene. Vi øvde også på pausesteg (føles som å gå i kirka som brud…).

Eg hadde berre ei tissepause i dag på vegen og ei i lunsjpausen. Var heilt klart ikkje flink nok å drikke. Normal i magen – heldigvis ingen diarè! Håpar det held seg slik.

kili dag 4 – barranco 3986 moh. – karanga 4034 moh.

Sov godt heile natta og vakna god og varm i soveposen. Sov vel frå 22.30-07.30. Deilig. Fekk som vanleg servert kaffi i teltet, og til frukost var det havregraut, egg og pølse, knekkebrød og frukt.

Vi gjekk frå campen ca 09-ish. Det fyrste denne dagen var Barranco Wall (frokostveggen), som hittil er det kjekkaste vi har gått på turen. Klyving, litt luftig men mest ikkje. «Kiss the wall» var ganske opphausa. To steg så var ein over, noko alle kan klare. I tillegg var dei Tanzanianske guidane veldig på pletten og nærast grabba tak i deg for å sikre at alle kom trygt over. Trur ikkje ein ha klart å dette ned om ein så ville det.

Landskapet var veldig fint. Mykje artig lavastein og heilt sjuk friksjon. Veldig kjekk sti å gå på! Stine ropte på meg når ho hadde tissepause sidan eine Tanzanianske guiden såg rett på ho så ho trengde ein «tissemur». Greit å få litt privatliv.

Vi kom til campen i 14-tida og rigga oss til i teltet. Berarane sang for oss i dag også når vi kom til campen. Trur dei likar å synge for oss sidan vi syng med. 🙂 Kjekt med camp-underhaldning! Til lunsj fekk vi altfor tørt rundstykke, god chips, knekkebrød, melon og mango. Luksus med frisk frukt her oppe. Makrell i tomat kom også på bordet. Eg drakk te.

Beate har fått veldig hovne hender (sikkert på grunn av høgda) så ho fekk tuben min med Hydrokortison for å sjå om det hjelper på. Eg og Stine chilla i teltet, las litt i Kilimanjaro-boka og høgdesjukeboka og såg litt på kartet. Såg meg sjølv i speilet til Stine og vart litt deprimert av synet. Betre å ikkje forhalde seg til utsjånad på ein slik tur! Vi er alle like skitne og udusja. Det vart ein kattevask med våtserviettar i ansiktet, på beina og edlere deler i dag. Føler meg litt rein i alle fall, det næraste ein kjem dusj her. 🙂

Vi gøymer oss for sola i teltet. Solbrillene våre er vonde så det er best å ikkje ha dei på. Eg har fått raudt utslett på heile beina siste dagane og VELDIG synlege blodårer. Stine har også synlege blodårer. Artig å sjå korleis kroppen responderer på å opphalde seg i slike høgder. Har fortsatt vondt i lungene ved stort innpust og har hatt det i heile dag. Stine har fortsatt hovudverk. Nakken kjennest bedre ut i dag, var flinkare til å fokusere på å sjå opp.

Var ikkje flink å drikke i dag heller, gjekk berre 1l på turen. Men kroppen kjendes veldig bra sjølv om eg blir fort anpusten. Gløymde å skrive i går at vi såg ei mus og ein grøn fugl. Dei var fine. I dag såg eg ein anna fin fugl. Den var grå og likna på ein spurv.

Til middag fekk vi gresskarsuppe, ris og kyllinggryte. Drakk masse te etter middagen for å få god varme i kroppen. Det var mykje artig snakk rundt bordet på kvelden. Christian sang/dikta og viste dancemooves og Ryan ville bomme mintsnus med meg. Trur han likar den!

Heile gjengen ser veldig fram til toppnatta no. Vi er spente og gler oss! Kjem alle til toppen? Eg skulle gjerne sagt at det er å vere på tur som betyr noko, og toppen er ikkje så viktig, men akkurat no hadde det vore løgn. No er eg nesten der, og toppen ER målet. I morgon blir det berre ei kort stykke å gå (ca 5 timar) til high camp som vi skal starte toppstøtet frå.

Stine går for kebabrull-style på nettene no sidan soveposen hennar ikkje er varm nok. Ho ser litt morsom ut i aluminiumsfolien sin. 🙂 Det knitrar og lagar veldig fint lys-spel i teltet når vi har på hovudlykt. Hydrokortison-salven hjalp veldig bra for Beate. Kjekt at noko av det som var i fyrstehjelps-pakken min kom til nytte! Ubehaget eg har kjent i lungene ga seg litt mot kvelden. Nice.

Leon plukka mynte-plantar for harde livet på veg opp i dag. Dei lukta veldig godt! La ein i press i Kilimajaro-boka for å ha som minne. Vi såg ein kvinneleg berar i dag. Det finst ikkje mange av dei her! Tydeleg mannsdominert yrke.

Solnedgangen her oppe var fantastisk. Vi er høgt over skydekket og kunne skimte Mt.Meru som stakk opp av skyene i det fjerne. Vakkert! Natthimmelen er også heilt sjukt fin her oppe. Ingen lysforureining så ein ser alt krystallklart. Isbreeane på Kili lyser opp som neon i skinet frå månen og stjernene. Fantastisk!! 🙂

Fortsatt ingen diarè – O» lykke!

kili dag 5 – karanga 4034 moh. – barafu 4662 moh

Vanleg morgonrutine med kaffi i teltet. Sov litt lettare i natt, vakna av at Stine var på do sidan eine øyreproppa hadde falt ut. Vakna også av at eg kleia noko sinnsjukt – hadde 8-10 stikk på kroppen når eg vakna. Undrar på kva småkryp som har vore på besøk i soveposen min… Då Leon kom å vekte oss i dag spurte han om vi hadde sove godt, noko vi svarte ja på. Deretter spurte han: «sleep well like a fat baby?». Morosam type, ein kan ikkje gjere anna enn å le. 🙂

Til frukost var det egg, pølse og knekkebrød. Forlot campen tidleg, 08.30. Vi ankom neste camp 12.30 etter ei kort vandring i flott, vulkansk landskap. På slutten i dag var det ganske bratt stigning, noko som merkast godt!

Vi fekk lunsj i campen: nydeleg grønsakssuppe, nydeleg toast, kaffi og kjeks. Deretter gjekk Ryan gjennom planen for toppstøtet. Kva vi kan vente oss, bekledning og kva som bør vere i sekken.

Pakka sekken i teltet og teipa føta mine etter beste evne, forhåpentlegvis slepp eg gnagsår med topp-skoa. Eg brukte gnagsår-greiene eg fekk med Ole Kjell, det virka som bra saker det. Tida får vise! Har lagt fram alt av bekledning slik at det er klart til kvelden. Elles så har vi berre chilla i teltet og lada opp til kvelden. Kroppen føles bra foreløbig. Eg får veldig statisk hår i teltet.

kili dag 6 – barafu 4662 moh. – stella point 5745 moh. – uhuru peak 5895 moh. – mweka 3106 moh.

Vi chilla i teltet i går kveld, ingen av oss fekk sove. Klokka 23 skulle vi stå opp og kle på oss det vi skulle ha på oss på toppnatta. Til før-turmat fekk vi havregraut (eg åt ikkje) og knekkebrød (åt eitt med skinkeost). Stine var uheldig og fekk masse havregraut på seg når gryta velta i teltet. Heldigvis var ho godt kledd med skalbekledning så ho ikkje vart våt, det var berre å tørke vekk.

24.00 var det avmarsj frå highcamp med destinasjon Uhuru Peak. Alle var godt kledde, eg hadde på to stilongsar, Fjällrävenbuksa, ull T-skjorte, Lanullva-genser, houdini fleecen og Arc’Teryx syntetiskjakka. Ytterste jakka vart pakka i sekken med ein gong før avmarsj og fleecen for i fyrste motbakkane.

Som vanleg her på Kili er temperaturen ustabil. Grei temperatur når det ikkje blæs, men så kjem eit vindgufs og det blir kaldt. Det vart ein del av og på med klede. Det var veldig kaldt og vi gjekk veldig sakte så kroppen produserte ikkje mykje varme, sjølv om vi gjekk i motbakke. Fann ut at å knyte dunjakka rundt livet fungerte utmerkt som rompevarmar. Eg fraus veldig på fingrane og beina var heller ikkje spesielt varme. Generelt sett så var det ei veldig kald natt.

Det var eit veldig flott syn å sjå i bekmørke natta at lys på rekkje og rad snirkla seg opp fjellsida, det likna litt på julelys. Det var veldig spesielt å gå der på rekkje og rad, og det einaste ein såg var det som lyset frå hovudlykta traff. Vi gjekk stort sett på sti i laus grus som snirkla seg oppover i sikk-sakk. Vi hadde pauser på 10-15 minutt om lag ein gong i timen. Pausene var noko eg såg fram til med både gru og glede. Gru, fordi det var så inni helsikke kaldt og fordi vi måtte av med sekken og setje oss ned på kalde bakken. Glede, fordi det betydde drikkepause (camelbaken fraus rimeleg kjapt og vart ubrukeleg…) og fordi det betydde at vi hadde gått ein time til. Når ein ikkje har klokke så blir pausane ein fin måte å rekne tid på, gleda var stor når vi var over halvvegs og hadde bikka 5000 moh.

Vi hadde heilt klar himmel på toppstøtet, så vi såg lysa frå byane som ligg rundt Kili. Månen var halv, og når det lei mot morgon vart den knall oransj. Spesielt og utruleg vakkert. Soloppgangen kom om lag ein time før vi nåkke Stella Point og var fantastisk flott. Eg var for opptatt av meg sjølv og det å ta eit og eit steg til at det vart tatt nokre bilete, dessverre. Forma var veldig fin opp til ca 5500-5600 moh, så det tek eg som eit teikn på at fleire høge fjell kan ligge i framtida mi. 🙂

Med rundt 300 høgdemeter att til toppen merka eg at noko skjedde med kroppen. Alt vart vanvittig tungt, pusten grunn og rask og eg sleit med å halde oppe tempoet. Det enda med at eg ga frå meg sekken til ein av berarane slik at eg hadde kun kroppsvekta mi å flytte på. Det viste seg at også det var nok til å vere for tungt. Det kjendes ut som at eg formeleg slepte kroppen min oppover, kvart steg var ein mental kamp. Eg fokuserte på beina til personen framom meg og tenkte i hovudet: eit steg, eit steg til osb. Det fungerte ganske greit, men det vart ein mental drakamp til slutt mellom lysta til å gi opp, og lysta til å nå eit mål eg har hatt lenge. Om eg valde å snu der hadde alle dagane på tur til det punktet vore forgjeves.

Eg merka at Ryan fylde veldig med på meg når eg byrja å få det tungt, guidane var i det store og heile veldig «på» og oppmerksomme mot oss alle på toppnatta. Ekstra kjekt å få klem og ros av han på Stella Point når vi var ferdige med dei verste bakkane. Det virka som han trudde eg kom til å gi meg, men viljen er heldigvis sterkare enn som så. Turen frå Stella Point og bort til Uhuru Peak vart utruleg seig og lang, med same kampen for kvart steg og masse pauser sjølv om eg gjekk saktare enn snegletempo. Eg har aldri før kjent meg så tappa for energi, eg kjende meg mest som ei gammal dame på tur.

Toppen vart nådd i 9-tida på morgonen og vêret var fantastisk. Det kjendes ikkje som eg hadde trudd å stå på toppen av Afrika, eg var så sliten at eg ikkje kjende noko stor glede av det. Vi var ei stund i toppområdet, men kvar gruppe fekk berre 5 minutt kvar for å ta bilete ved skiltet så det vart berre tid til å ta gruppebilete. Ein flott gjeng, skitne og snørrete. 🙂

Nedturen var langvarig, trasig og slitsom. Eg var framleis kortpusta til vi kom eit godt stykke nedover att, og kjende meg framleis veldig sliten og matt. Ryggen, nakken og skuldrane mine var veldig vonde, så det å ha på sekk gjekk ikkje. Renaldi bar den store delar av vegen ned. Siste stykket til campen bar eg sjølv og det var ikkje noko kjekt. I det minste måtte eg ikkje bli slept ned att av guidane slik som medlemmar av det koreanske teamet som nådde toppen før oss. Det er litt tankjevekkjande å sjå nokon som er så høgdesjuke at dei ikkje er «til stades» og må ha hjelp for å komme seg ned, sjølv på ein så «lett» tur som Kilimanjaro.

Det har nok si forklaring i at eg berre åt eitt og eit halvt knekkebrød før avmarsj, i løpet av heile 12-timers perioden toppstøtet og returen tok fekk eg berre i meg ca ein neve med nøtter, to ruter med sjokolade, ein halv pose cartoonies og eit drops. Matlysta var rett og slett ikkje til stades. Eg vart nok også litt dehydrert, og fekk i meg rundt 0,7l vatn i løpet av den perioden. Som kjent: utan mat og drikke, dug helten ikkje. Legg til at eg allereie hadde vore vaken i 17 timar når toppstøtet starta, så er det ikkje akkurat ei oppskrift på suksess. Men det gjekk bra, sjølv om det var veldig surt å måtte gi frå seg sekken. Eg er nøgd me å ha fått testa kor langt eg kan presse kroppen og psyken min, og eg har lært kva eg må vere flinkare til når det i framtida blir andre høge fjell. Matlysta er framleis ikkje heilt på plass, eg er småspist og har ikkje spesielt lyst på noko.

Ein ting som var veldig bra på veg opp, var at vi på to av pausane fekk servert varm te. Eg var veldig redd for å få diarè toppnatta (det var ein som fekk det), men eg har heldigvis sluppe unna heile vegen. Det vart med paranoiaen for å få det.

Guidane med på tur var Ryan, Christian, Serafina (papa), Leon, Renaldi, Alex (kokken) og Feston. Kjekk og dyktig gjeng. Serafina har lagt sin elsk på Kathleen og kallar ho berre for «mama». Ho må gå bak han og det kan virke som at han har gjort det til sitt personlege oppdrag å få ho til toppen. Viss han ikkje ser ho og har oversikt over ho spør han: «Where is Mama?» og då må «Mama» berre kome til «Papa». 🙂 Artig skrue. Han bar sekken hennar heile vegen opp og ned toppnatta og utviste stor omsorg. Ein imponerande mann. Alle i turgjengen vår kom seg til toppen, noko som ikkje er vanleg i fylgje guiden.

Vi kom ned att til high-camp i 12-tida på morgonen og var der i om lag 1,5t og åt lunsj, slæcka og pakka før vi gjekk i om lag 2 timar vidare til dagens camp. Dette vert siste campen på turen, noko som er litt vemodig. I morgon er det tilbake til sivilisasjonen att. Det blir litt fint på ein måte (vask, dusj, do, barberhøvel, øl, cola zero), men eg kjem til å sakne det enkle livet på fjellet. Gå, ete, chille, våtserviettar, masse kle, telt og sovepose. Dette har heilt klart vore ein ferie etter min smak, og det er ekstra fint å dele det med ei god venninne. 🙂 Stine er ikkje heilt i form. Ho har vore plaga med hovudverk og no plagast ho med kvalme også. 🙁

Eg har forresten ikkje fått eit einaste gnagsår på turen! Jiha! 😀 Til middag fekk vi ris, fisk, grønsaker og gresskarsuppe. Tidleg kveld sidan vi skal opp klokka 06.

kili dag 7 – mweka 3106 moh. – mweka gate 1633 moh. – kibo palace

Starta forholdsvis tidleg i dag med vekking 06.30. Det synte seg at fleire av gjengen var blitt dårlege i løpet av natta og hadde kasta opp. Andre hatte fått diarè, så det var mange som var dårlege. Vi kom oss ikkje av gårde før 07.50. Turen ned tok om lag 4,5-5 timar. Flott tur i flott landskap, men tungt for beina. Trur det er den tyngste dagen for min del hittil.

Når vi kom ned til Mweka Gate venta dei Tanzanianske guidane, berarane og kokkane på oss med ferdig dekka bord med champagne, frukt og sandwichar. Det smakte godt med noko anna enn inntørka brød! Stemninga var veldig god og tanzanianarane i crewet vårt sang for oss. Kathleen fekk til og med sin eigen song: «Yo Momma!». Fekk klem med Foston og Renaldi og ga vekk resten av snacksen min, hadde nesten ikkje ete noko av det på turen, så det var ein bærepose med snacks.

Ryan sa på veg ned at han syns eg burde vere med på fleire turar og fortsetje å le sidan eg har «the best laugh». Har fått høyre det nokre gonger no, og synest det er koseleg at andre likar at eg ler. Spesielt sidan eg morar meg og ler mykje.

Det var ein lang køyretur frå gaten til Kibo Palace. På veg til hotellet stoppa vi på eit supermarked og handla inn Kilimanjaro-øl som vi drakk i bussen. Nammis!

For ein plass! Skikkeleg luksushotell – av ein standard eg absolutt ikkje hadde forventa. Eg og Stine har stort rom, stor dobbelseng og bad med både dusj og badekar, vanleg do OG varmt vatn i dusjen. Eg dusja i så varmt vatn at eg heldt på å svime av, det var så deilig. Kjenner eg er veldig trøytt og gåen no. Spesielt kjenner eg det i lår og kne når eg skal opp frå sitjande stilling (…på do). Fekk mensen fire dagar for tidleg i dag. Typisk min teite kropp. Heldigvis kom den ikkje på fjellet, men på hotellet!

Det vart ein del øl i baren utover kvelden for å feire bestigninga, kjempegreier. Vi hadde ein runde der det var kvar sin gong å seie noko om nokon andre for å beskrive personen og dele ut diplom til vedkomande. Kjekk seanse. Beate beskreiv meg veldig fint, og eg fekk Stine sin diplom og beskreiv henne.

Til middag var det buffet og det eg syntest var best var i grunnen chips, så det var stort sett det eg åt. Eg, Stine, Beate, Ryan og Christian sat i lag på middagen, og hadde veldig moro av ein dessert som heitte «Chocolate Balls» og ein «Passion Sauce». Steik kor vi lo. 🙂 Utfordra Ryan til å ete ein, men etter han åt den i eit jafs vart han vekk. Skal tru om det vart for mykje Chocolate Balls? Trist at han og David reiser heim i morgon.

Etter middagen satt vi i baren og drakk øl til det var leggjetid. Stine la seg ei stund før meg.

 

Dag 11 – Masaiane og Ngorogoro-krateret

Gongsperre! Det kjennest godt i rompe, lår og mage no når eg endeleg kan slappe av. I dag var det felles frukost klokka 9 på hotellet for å ta farvel med Ryan og Dave.

Eg, Beate og Sussi gjekk til minibanken for å ta ut tanzanianske shilling. Vi måtte krysse vegen, noko som var ei skummel affære i afrikansk trafikk. Gangfelt bryr dei seg ikkje om, så det var berre å leggje på sprang over vegen når det såg nokonlunde klart ut. Det fungerte ikkje å ta ut pengar med Visa, så eg fekk låne 75.000 shilling med Beate, som tilsvarer rundt $50. Stor skilnad på valutaen, ja.

Vi vart henta i safaribilar på hotellet og fordelt i to bilar. Sikkerheitsbelter finst ikkje og vindauget mitt går ikkje an å opne. På veg til Ngorogoro-krateret stoppa vi på to souvenirsjapper, men eg fann ikkje noko særleg som var verdt å bruke pengar på. Dill-dall har eg nok av heime. Det einaste eg kunne tenkt meg var ein diger utskjært giraff, men med ei høgd på over to meter ha det blitt problematisk å få den med heim på flyet. 😀

Vi stoppa også i ein Masai-landsby, og det var nok det mest interessante møtet med afrikansk kultur på denne turen. Vi vart møtt av ein eller annan kar si 1. og 2. (og moglegens 3.) kone med jentebarna sine som helste oss med sang i sine tradisjonelle drakter med flotte smykker. Hovuda deira var heilt glattbarberte, og tennene var ikkje pene – likevel var smila store. Dei forsto ikkje oss og vi forsto ikkje dei, men vi kommuniserte litt med vink og smil. Spesielt borna var skjønne med sitt sjenerte lynne og store augo.

1. kona drog meg med i dansen som bestod av hopping medan dei song. Ho drog meg opp og ned etter veska, så eg hadde ikkje anna val enn å hoppe med. Det var kjekt, og verkeleg ei oppleving å møte desse menneska som lev så ulikt frå oss sjølve. Kjekt å kome så tett på afrikansk kultur.

Vi fekk også sjå ein tradisjonell Masai-bustad, som er laga av kumøkk, stråtak og kvistar som armering for å halde kumøkka på plass på veggane. Det er enkle bustadar med eldstad, lagerplass for mat, soveplass for kone og born på golvet og ei oppheva seng for husbonden. Han kalla til seg nemnde kone når det var tid for sengekos, då fekk ho kome opp frå golvet og opp i den oppheva senga. Sært. Ganske fjernt frå min kvardag og haldning til kvinner.

Eg handla litt i butikken deira og kjøpte tre armeband som er handlaga av Masai-kvinner. Smykka var merkte med namn på kvinna som hadde laga dei og ei tekst om at kjøp av desse smykka «empowers the woman who made it». Nåja, tenkjer det meste endar opp hos husbonden…

På veg til krateret såg vi to elefantar og fleire aper. Ganske spesielt å sjå elefant nokre meter i frå vegbana – nesten som hjorten heime. Vi var forespeila at turen kom til å ta rundt tre timar, men det tok nærare seks timar før vi var framme med alle stoppa langs vegen. Ikkje så kjekt når ein har mensen!

Medan vi venta på å sleppe inn gaten til parken tok eg ein tur i butikken som var der. Kjøpte eit klistermerke til vaskemaskina (som av uviss grunn har blitt ein samlingsplass for slikt) og litt snacks.

Turen opp til lodgen er ein av dei skumlaste køyreturane eg har hatt nokon sinne. Dårleg og kupert veg, bratt rett utfor vegen utan autovern og ein sjåfør som tydelegvis trudde han køyrde rally ut i frå farta gjorde sitt til å setje skrekken i meg. Eg tviheldt i handtaket over vindauget og såg alle andre plassar enn på vegen. Vi kom oss heldigvis like heile opp til lodgen, så får vi sjå om det går like bra ned og opp av krateret i morgon…

Lodgen var fantastisk. Kult og luksuriøst interiør og rom, og ei fantastisk utsikt over krateret. Maten her er også heilt fantastisk, pluss dei har beste doa i afrika, det er eg sikker på.

Vi samla oss ved bord i baren med god drikke i glaset og var i litt meir partyhumør enn vi var i går. Ut over kvelden vart det meir «seriøst» og djupare samtalar. Koseleg det også. Det er ikkje berre eg som drøymer om fleire høge fjell! Reunion for denne turen er planlagt allereie, og blir lagt til Voss der Christian bur. Leggetid 22.30 etter litt for mange øl. 🙂

dag 12 – safari i ngorogoro-krateret

Starta dagen 06.00 og 06.30 var det tid for nydeleg frukost. Dei hadde pannekaker som smakte nett som heime. Vi var litt skeptiske til kva utsikt vi kom til å få på safarien når vi 07.00 forlot lodgen i grauttjukk skodde. Heldigvis klarna det opp når vi kom ned i krateret (på verdens fèlaste veg…).

I løpet av safarien såg vi mange dyr: gaseller, gnu, bøffel, vannbøffel, sjakal, elefant, ei gravid løvinne, hannløver, hyener, løvinner med løveungar, perlehøne, mange ulike fuglar, flodhest og sebra. Flotte dyr, sjølv om eg følte at alle safaribilane som stimla til rundt dei og fylde etter dei invaderte liva deira i alt for stor grad.

Det mest spesielle vi såg var kanskje når vi la merke til hyener som sniffa og kom luskande ved sidan av vegen. Vi køyrde eit lite stykke og såg så kadaveret av ein vannbøffel. Det var tydeleg at nokon var blitt mette og go av den. Eit lite stykke frå kadaveret låg det tre stappmette hannløver og kvilte seg. Når hyenene luska nærare kom ei av løvene til at her var det best å ta grep og traska bedageleg bortover for å jage vekk hyenene. Hadde vi villa det kunne vi strekt ut armen og tatt på den, så nær var den bilen. Løvinnene med løveungar var også eit høgdepunkt, ein fin liten gjeng som traska forbi oss. Løveungane var leikne og akkurat slik ein ser for seg at dei skal vere. Flotte dyr.

I 12-tida fekk vi utlevert kvar vår safari-lunsjboks som bestod av baguett, kylling, egg, kjeks, juice, sitronkake, banan og mandarin. Voldsomt med mat for ein person. Det fylde også med chilisaus og ketsjup som likna mest på rosa, tynt syltetøy. Eg sovna på slutten av safarien og sov (heldigvis) heile vegen opp av krateret og ned til sivilasjonen på andre sida. Sjåføren vår er tvilsom – tom i hovudet og Stine satt med hjartet i halsen heile vegen då han tydelegvis også var trøtt og såg ut som han kunne sovne i kvart augeblikk. Bra ho var våken til å passe på! På veg ned av krateret møtte vi ein bil på veg opp som nett hadde fått motorstopp. Stakkars dei som var i den bilen! Bilen vår holdt i alle fall om ein ser vekk i frå at bremsene stinkar brent etter nedoverbakkane.

På veg tilbake til Kibo Palace handla eg inn postkort, merke til ryggsekken og Africafe (kaffien vi fekk servert på fjellet) på ein souvenirbutikk. Tilbake på hotellet åt vi middagsbuffet i felleskap, ikkje min favorittmat.

Dag 13 – Heimreisedag

Chill dag på Kibo. Satt ute og drakk kaffi fram til lunsj, og då var det endeleg tid for mat som falt i smak! Biff, ris, pasta, coleslaw og mykje anna godt utkonkurrerte godt og vel middagane vi har fått servert på same hotellet. Rundstykka var også veldig gode og gjekk ned på høgkant.

Vi forlot Kibo kl 15.00 sidan Foston sa det tok tre timar å køyre til flyplassen. Det synte seg at det tok berre 1 time og 10 minutt, så det afrikanske synet på tid er framleis litt fuzzy. Kjedeleg å vente på flyplassen, kun småbutikkar og ingen (eller kanskje ein) av dei tok Visa. Så det vart null venteshopping på meg sidan eg berre hadde 500 TZS (som tilsvarar ca null) og $2 att i lommeboka.

Eg var i grunn veldig trøytt og lei når vi gjekk om bord i flyet. Mange inntrykk på kort tid tek på. Søvnen tok meg med ein gong etter at eg fekk med mat og øl på flyet. Eg sov til Stine ruska meg i håret (eg skjønte NADA) når det var tid for frukost. Våkna nokre gonger litt av ekkel sovestilling på flyet. Uansett veldig greit å fly tilbake på natta så ein kan sove vekk alle timane på flyet.

Frukosten vi fekk servert på flyet (ein omelett-sak) falt ikkje i smak, så det vart frukost på Schipol i staden. Handla også ein del på taxfree, sjokolade å gi vekk mellom anna. Postkorta vart sendt frå flyplassen sidan eg verken fekk tak i frimerke eller postkasse i Tanzania.

Det var to sletne tauser som landa på Hovden flyplass med skitne duffelbaggar og ryggsekkar. Vi har hatt ein utruleg flott tur og veldig mange opplevingar i lag på denne turen. Ein avtale om at annakvart år skal vi på eventyr er fin å tenkje på, då er i alle fall reisefølgje til neste stor-tur på plass. 🙂

 

 

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.