Klatretur Steinbra helg!

Scroll this

Når ein kjem småsliten heim søndags føremiddag, slengjer seg i sofaen med ein kaffikopp, registrerer gongsperra som sit i kroppen frå fotsålane til fingertuppane og gliser stort – då veit ein det har vore ei fin helg! Sunnmørsk Klatreklubb arrangerte i helga klubbtur til Melkevoll Bretun og Beachen, og i godt lag med 12-13 andre klatrarar fekk eg ein fin kick-off på juni månad.

vennane
Skvisa oss nedi minijettegryta. 🙂

Fredag

Eg starta fredagen med å slenge meg med Stig til nedrefeltet for å følgje som andremann på naturleg sikra klatring. Eit lite innslag av sommarfuglar i magen der! Rutene var ein del over mitt nivå så eg kom meg ikkje til topps, men eg fekk plukka ut nokre sikringar på vegen, lære litt og sett korleis det føregår. Petter og Kaja var der også, så det var ein fin liten gjeng som tjuvstarta litt på klubbturen.

Det vart rimeleg klart at leggane må få litt fokus når det gjeld styrketrening framover, å klatre sva er sjukt tungt på beina! Sikringsteknikken knota eg òg litt med. Litt meir styr med to tau som matast ut ulikt enn eitt, men det er vel slikt som går seg til med litt øving. Godt å få ein liten prøvetur i alle fall, slik at eg veit litt om kva som ventar på kurs i sommar. 🙂

Etter å ha plukka opp folket ved klatresiloen sette me kursen mot Briksdalen. Kvelden gjekk med til buldring, og eg og Stine fortsette på prosjektet vårt frå Strynefestivalen i fjor. Smått om senn kom me oss litt og litt vidare, men noko løysing på det fann me ikkje. Me konkluderte i grunnen med at me er både for svake og fingrane for sarte. 😉

Kvelden avslutta me i grillhytta i godt lag og god stemning.

Laurdag

Sidan dagen starta med regnbyger tok eg, Stine, Gunnhild og Sindre oss ein rusletur oppover for å sjå på det vesle som er att av Briksdalsbreden. Synest det er litt trist å sjå kor mykje den har krympa sidan sist eg var der. Sidan me tross alt var på klatretur vart det ein del klivring for å sjå på dei artige formasjonane rundt omkring. Det er ganske tøft å sjå korleis breden har forma og slipt landskapet over lang tid. Eg trur me var like imponerte som asiatarane som var heilt i hundre over synet.

Det letta opp ut på ettermiddagen slik at steinane på Melkevoll Bretun tørka opp. Me tok på ny fatt på prosjektet vårt, men me måtte til slutt innsjå at me får ha «Grønn papegøye» til gode til neste gong me er i Briksdalen… Ingen av dei andre heller gjekk det, så eg har nå mine tvil om kor reell graderinga på 5+ er. Men det er i alle fall eit kjekt bulder så langt vi kom oss. 😉

Mot kvelden trekte me inn i steinalderhola me skulle sove i siste natta. Grillen og bålet vart fyrt opp, og etter kort tid låg kjøtet på grillen. Vel forspiste var det duka for slakkline, frisbeekasting, blodig seriøs boccia-kamp og artigt snakk longt ut i dei seine nattetimar. Takk for turen! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.