Kosetur Påskeaftan på Ossætra

Scroll this

Stine og eg traska av gårde mot Ossætra med ski på beina tidleg på kvelden.  Litt dilldall for kosen sin del hadde funne vegen ned i sekken, og som vanleg tenkte eg etter fyrste stega at forma er altfor dårleg og sekken altfor tung. Det går seg nok fort til med fleire slike turar!

Vi fann oss ein heilt konge teltplass når det byrja å skymest og trakka tomta som til alt hell vart i perfekt størrelse på fyrste forsøk. Snøspada mi vart testa ut i grafse-modus, noko som var ganske genialt og tidsbesparande. Stine fann seinare ut at nemnde spade var særs godt eigna som kamerastativ for nattfotografering.

Luringen Stinus hadde pakka med seg surprise-øl til oss, så Påskeaftan vart tilbørleg feira når vi hadde installert oss i teltet. Full av tur-triks som ho er, hadde ho også med telys som vart sett i snølykter utanfor inngangen. Det heva definitivt kos-faktoren fleire hakk og er herved obligatorisk på framtidige teltturar. Eg hadde med ei gravlykt etter å ha lest ein stad at dei kunne brukast til å få litt varme i teltet, i tillegg til lys på ein flammesikker måte. Som varmekjelde overbeviste det ikkje, og det var ganske trasig å måtte halde på den, men den bidrog definitivt til kos-faktoren.

Stine fekk i løpet av kvelden tatt nokre utruleg flotte bilete av teltplassen vår, som nok kunne lokka den mest ihuga sofaslitar til å starte med vintertelting:

Etter ei god natts søvn som kun vart avbrutt av ei rype som laud litt utpå morgonkvisten, og ei anna fjellrype i privat ærend, var det duka for frukost. Eg kjende behovet for å ha lettast mogleg sekk på veg ned for å ha litt betre kontroll på skia, så det vart ein stor porsjon heimelaga frukostblanding, ein kopp solbærtoddy (evt. sukkerlake med smak…) og eit par koppar kaffi i løpet av morgonstunda i teltet for å ete opp litt vekt.

Mykje væske inn fekk den følgja at eg for fyrste gong på teltturane i år måtte på do ute. Iiik! For ein person med tidlegare tisse-ute-sperrer (det lærte eg fyrst på Kilimanjaro i fjor haust) medfører det ganske lang tid på huk før ting skjer. Behovet for spesifikk trening vart ganske tydeleg når det vart problematisk å halde stillinga i så lang tid som det tek å få gang på ting. Hehe… Det er vel berre å legge inn i treningsprogrammet fyrst som sist litt statisk trening. 😉

Planen for søndag var eigentleg å finne oss ein bratt snøbakke og leike litt med rappell og sikring kun med bruk av kroppen og snøen (heftig inspirert av youtube-howto’s), men vêret sette ein stoppar for den planen. Det er jo kjekt å ha noko å glede seg til framover også, så vi får heller ta det igjen når det er fint vêr. Så får eg sjå på det som ekstra trim å drasse med meg tau opp og ned unødes.

Nedover-skillsa mine på ski er framleis tragisk dårlege, spesielt med full oppakning. Framstega er meir som musesteg å rekne, noko som er ganske frustrerande når eg helst skulle vår flink på ski i går. Hadde verda kun bestått av bortover- og oppoverbakkar hadde nok ski vore meir mitt element, no er det berre kjipt å tenke på at eg også må ned der eg går opp.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.