Kyrkjesteinsklatring

Scroll this

Måndag var noko så sjeldant som ein nydeleg dag med sol frå so og seie skyfri himmel. Det måtte sjølvsagt nyttast til klatring sidan Stine endeleg har fri måndagar igjen og me må få opp nivået og forma til Lofoten.

Me traska oss oppover mot Kyrkjesteinen, medan eg pusta og pesa, hosta og harka. Det gjeld å kome seg ut sjølv om ein ikkje er heilt frisk – frisk luft gjer mykje betre for kroppen enn å sitje inne å synest synd i seg sjølv. Den einaste eg syntest synd på er vel eigentleg Stine, som måtte høyre på alle dei ekle lydane mine (ok, eg syntest kanskje litt synd på meg sjølv og der eg gjekk…). 😉

Vel oppe på steinen diskuterte me litt kva feste me skulle bruke, og landa på å klatre i solsida, sjølvom det er vanskelegare å kome seg opp der enn sida me eigentleg hadde tenkt å klatre. Eg hadde prestert å reise heimanfrå utan verken skikkelege sko (rosa crocs, yey!) eller noko anna utstyr enn sele og klatresko så me hadde berre Stine sitt utstyr å lage topptaufeste av. Snakk om å leggje att hovudet heime… Fyrste topptaufestet passerte ikkje godkjenninga, og klatreinstruktør-modusen min kicka inn. Det vart nokre justeringar og me enda på eit fyrsteklasses topptaufeste. Kan vere greit å etterleve det ein lærer bort!

Det vart nokre turar i veggen og litt knøding med å finne tak. Fyrste turen ute for året er ikkje noko å spøkje med! Spesielt edderkoppar som kan gøyme seg i sprekkene som er så fine halde i… Men etter litt skepsis i starten gløymer ein heldigvis alt som heiter edderkoppar og kan konsentrere seg om klatringa og kose seg. Me avslutta klatreøkta med å liggje på berget og nyte sola før me traska oss ned att. Kjensla av å gå i skogen i rosa crocs, vel – den må opplevast. 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.