Kyrkjings-klatrings Sommar på Sunnmøre, endeleg!

Scroll this

Det er ikkje lov å klage når det endeleg er finevêr. Men eg klagar litt allikevel. Det er altfor varmt, altfor klamt, og altfor, altfor, altfor mykje fluger! Gje meg sol og 17-18 grader og ein frisk liten vind som bles vekk insekta so kan vi kalle det ein fin sommar. Dette blir for mykje for ein stakkars nordbuar!

Uansett. Eg og Stine fekk endeleg sett føta våre utanfor siloen for å klatre i det minste. Det vart kortreist klatring i dag, Kyrkjesteinen er ikkje lange køyreturen heimanfrå. Me prøvde oss på litt ulike ruter, og eg lærte ein ny ting om meg sjølv – nemleg at eg er ikkje spesielt fan av riss i kroppsbreidd. Mykje kantar knea kan skubbast og pressast mot og eg kjende litt på angsten for å få kneskåla ut av ledd igjen. Sikkert ganske overdrive – men det sit i og hemmar meg litt. Eg har litt mental jobbing igjen på akkurat det kjenner eg.

Velvel. Vi kosa oss i sola dei stundene me ikkje vart omsverma av fluger. For nokre bedritne insekt altså! Dei kjem til over alt, til og med innom solbrilleglasa flyg dei.

I løpet av tida me var der fekk me også øvd litt på å plassere naturlege sikringar der det var mogleg. Artig når ein heng utstyret i selen og høyrer klirringa – shit just got real, liksom. 😀 Nedtellingsappen seier at no er det berre 43 dagar til Lofoten står for tur, eg gler meg sjukt mykje!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.