Lisjetinden 1239 moh.

Sunnmørsalpane, ass. Utsikt mot Storetinden

Scroll this

Tidenes finevèr gjer at ein berre MÅ ut på tur! Sjølv ei natt utan søvn og dertil sliten kropp forvinn frå bevissheita så snart ein er ute i sola og ikkje treng å gjere anna enn å setje den eine foten foran den andre.

Turmålet for dagen var Lisjetinden via Grøthornet. Det ligg ein del snø enno, så me kryssa nokre snøfelt i ura og fylde ura opp på ryggen. Eg er ikkje spesielt glad i ur (ser føre meg at eg er den ulykkesfuglen som klarar å trakke på den EINE steinen som gjer at heile greia rasar nedover, haha), men det vart ein veldig kjekk tur oppover. Det er så utruleg mykje å sjå på, steinar som ser ut som dyr, vanvittig monge ulike artar lav og mose (slagerane var 2 ulike typar kjønnshårmose og mensen-lav) og spor etter dyr. Det er det som er så kjekt med å vere på tur med Stine, ingenting i heile verda hastar, me berre går, tek bilete, stoppar å kikar på ting og diskuterer litt før me går igjen. Repeter syklus heilt til topps. 😉

Det er ganske mange artige diskusjonstema som kjem opp når eg og Stine traskar i lag. For eksempel kva den tenkte og planla den haren som har lagt att ei einsleg kule med lort med ujamne mellomrom, intelligente soppar og kor digg det må vere å vere ei ørn, om rypa var dårleg i magen sidan me fann ein rar rypebæsj, kvifor veks det lav på steinane. Undring er ein fantastisk kjekk ting!

Medan me gjekk der fann me ut at me må opp att ein finevèrsperiode på hausten for å sove under open himmel og få med oss soloppgang og solnedgang. Trur panoramaet frå Lisjetinden hadde vore fantastisk til ein sånn tur.

Me såg litt dyreliv på turen òg. Stine spotta ei mus, me såg ørn og eit par ryper som dreiv med lågtflyging. Det er så kjekt når ein får slike opplevingar som bonus! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.