Ljosådalen Tur med la familia

Scroll this

Det vart ein ettermiddagstur i lag med familien i dag, ein times gåtur frå Mosætra og opp i Ljosådalen. Fin liten tur! Eg fekk meg ei lita overrasking på veg opp når ein stor, slimete frosk kræsja med eit klask på den nakne leggen min. Eg veit ikkje kven som vart mest skremt av oss, meg eller frosken, eller muligens mamma når eg sette i eit høgt jentehyl.

Me var tenkt å prøve fiskelukka til kvelds, men vatnet var stort sett islagt og fisken beit dårleg så me enda opp med grillpølser. Greit nok det. Minsten var ikkje heilt nøgd med å vere på tur, ingen mobildekning og ikkje fekk han lov å gå i si eiga verd å høyre på musikk. Stakkars. 😉 Pølser og kakao var i det minste stas, samt å kvile seg på annakvar skakke bjørk på veg nedatt.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.