#Lofotloffen Klatreferie nordpå

Reine

Scroll this

Etter å ha gledd oss i eit halvt år var det endeleg tid for avreise med destinasjon Lofoten fredag 14. august. Me reiste rett etter  at Stine var ferdig på jobb, klare for ein lang køyretur. Blågollet mitt hadde nett vore på service og reperasjon så alt låg til rette for at dette skulle bli ein knirkefri tur, sjølv om bilen vart søkklasta av all bagasjen me hadde med oss.

bilen

Fyrste etappen på roadtrip-biten av turen gjekk til Koa camping, eit stykke utanfor Steinkjer. Lukkeleg over å ha overlevd å køyre gjennom Trondheim på fleirfeltsveg med sinkefelt, flettefelt, svære rundkøyringar, skilt eg ikkje veit kva betyr og andre uhumskheiter vart teltet slått opp i ein fei nede ved vatnet medan Stine kokkelerte middag til oss. Gode og mette sovna me som to dovendyr i soveposane våre.

Me fortsette ferda dagen etter og køyrde heilt til Bodø der me slo opp teltet. På vegen stansa me ved polarsirkel-senteret der me hadde oss ei lita vandring. Ganske merkeleg stad i grunnen, med fullt i småvardar over alt, og mange som hadde skrive namnet sitt med stein. Kjende eg umiddelbart vart litt motstandar av vardebygging, for det ser i grunn ikkje så pent ut. Me avslutta kvelden med ølsmaking (god øl i nord!) og potetgullmumsing i teltet før me kvelda for å vere opplagde til neste dag.

Utkvilde og spente pakka me sakene søndag morgon og køyrde til ferjekaia. Vel ombord i den svindyre ferja som går frå Bodø til Moskenes fann me ut at me ville sitje ute på dekk for å nyte det fantastiske vêret og sjå på utsikta på turen. Stine var tilfreds med dei noko ubehagelege benkane på dekk, medan eg fann ut at når ein fyrst har ein liggeunderlag-stol med i bagasjen så må den nyttast for det den er verd. Det vart nokre blikk frå medpassasjerande når eg satt på kne og pumpa den opp på soldekk – men det var utan tvil verdt det!

Vel framme i Lofoten (o, lykke!) stoppa me på kvar ein rasteplass me kom forbi for å sjå og ta bilete av dette underverket av eit landskap. Me var nok på linje med japanarar når det kjem til turistfaktor og begeistring over å endeleg vere der. 🙂

Me tok ein lang stans i Reine for å kike oss rundt. Utruleg flott og idyllisk stad! Akkurat det ein ser føre seg når ein høyrer «Lofoten». Det vart også ein lengre stopp på den flotte sandstranda Skagsanden for å nyte den ultimate sommarkjensla. Kjekt med skikkelege syden-strender så langt nord, og det turkise vatnet freista oss i varmen.

Tidleg på kvelden var me framme i Henningsvær og leita oss fram til Klatrekafèen for å få installert oss på rommet vårt. Etter ei oppdagingsferd rundt om i Henningsvær tok me tidleg kveld for å vere opplagde til fyrste dagen på kurs.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.