Melrakkaslétta Evig humpedumpeland

Scroll this

Dette er tredje innlegg frå denne turen.

Del 1: Reykjavik-Kópasker
Del 2: Rifstangi

10. Juli – Søndag

Morgon i lavaland

Lærerik morgon i lavaland. Som ein følgje av at når man MÅ, så må man, starta eg dagen med å *trommevirvel* gjere nr.2 ute for fyrste gong. Her fylgde eg Stinus sine instruksar om korleis slikt føregår når ein ikkje har ein do tilgjengeleg og jaggu gikk det greit. Då slepp eg å uroe meg over forstoppelse i alle fall. I motsetnad til kva eg trudde var det ingen sak å få fyr på papiret etterpå. Alt ein skal no prøve (og skrive om)… Sjølvsagt fekk Stinus løpande oppdatering på det eg hadde fått til, haha. 😉 Spolar ein nokre år tilbake så fekk eg ikkje til å tisse ute ein gong, så dette må kunne kallast store framskritt!

Det humpar og går

Sein start i dag, byrja å gå rundt klokka 11. Fylgde ei stund ein veg før eg måtte gå i ein annan retning. Gurimalla for eit blodslit å gå over humper og dumper! Trur gjennomsnittsfarta var nede i 0,001 km/t ei periode der. Opp og ned, nesten-tryn og opp og ned igjen. Og igjen. Etter kvart kom eg inn på ein ny veg/sti som eg fylgde vidare. Lærepunkt til neste tur: fordi terrenget ser flatt ut både på kart og foto, så er det ikkje nødvendigvis dèt. Likeeins er ikkje kortaste veg frå A til B nødvendigvis den raskaste. 🙂

Det er jo veldig fint her på sin måte, flatt og langstrakt. Ikkje eit fjell å sjå, og skodda som kjem og går.
Midt inne i ingenmannsland gjekk eg forbi ein fjøs og eit hus. Ein kan verkeleg ikkje vere fan av naboar når ein busetter seg der. Mest sannsynleg er det eit hestefjøs sidan eg har fylt hestespor sidan då. Håper eg får prøvd å ri på Islandshest i løpet av opphaldet her.

Som ein følgje av fuktig vèr har trusa blitt dimmitert på grunn av gnagsår, så no går eg kommando. Jepp, då har eg opplevd det også. Alt som kan gnage, vil gnage når det er såpass fuktig tydelegvis. Elles har vèret vore greitt, det blæs og har tidvis vore tjukk skodde, men ikkje kaldt med mindre ein står i ro.

Elles har eg ikkje gått forbi noko vatn i dag, det er uttørka overalt så får vel rasjonere det eg har. Litt bekymringsfullt at eine hoftekammen min har byrja å hovne opp og verkar ein del. Trur kanten på jakka har lagt seg på ein uheldig måte under hoftebeltet på sekken i dag.

11. Juli 2016 – Måndag

Frå flatt til fjell

I natt har det regna ein god del. Det er difor ikkje så rart at eg gjekk rundt med gjørme til midt opp på låret utover dagen.

Frukosten ga eg opp halvvegs, proteinbar er ikkje min ting altså. Greit nok det liksom er næringsrikt og godt samansette næringsstoff, men ikkje F om eg fekk det ned. Saka vart ikkje betre av at eg ikkje kunne lage kaffi på grunn av vassrasjonering. Like greitt å pakke saman og leggje i veg.

Eg heldt fram på stien, som gjekk rett fram så langt auget kunne sjå. Eg har ikkje møtt ei levande sjel her ute, bortsett frå seks sauder og mange fuglar. Ein liten kylling vart skremd opp og sprang foran meg på vegen ganske langt før den forsvann. Håper fuglemammaen fann den att sånn at den greier seg.

Ut over dagen endra landskapet seg drastisk. Det var fantastisk å gå frå flate vidder så langt auga kunne sjå, til å sjå fjell som kikka fram frå tåka. På slutten endra det seg frå gjørmete sti til sand. Eit steg fram og eit halvt tilbake. Variasjonen i lanskapet i dag har vore heilt sinnsjuk. Svart sand, lavastein, grøne vidder, irrgrøn mose og fargerike blomar.

Dei siste 7-8 km vart langdryge. Hoftekammen verka meir og meir og med tung sekk var det ikkje så godt å få avlasta. Til slutt heldt eg det gåande med å visualisere at eg var eit godstog og gjekk av gårde: Tjoff, tjoff, tjoff. Følte meg som ei skikkelig Grønlandslesbe! Godstoget kom etter kvart fram til Kópasker.

Kópasker igjen

Etter å ha fått opp teltet fekk eg teke hoftekammen i nærare augesyn. Det er ikkje rart at det gjorde vondt! Ein donaldkul av dei sju sjeldne hadde teke plass på hoftekammen min. Ikkje snakk om å gå meir med sekk før hevelsen har gått ned, så det får bli nokre dagar i ro.

På den trivelege kafeen her i Kópasker satt eg nokre timar i dag og kikka på folk. Bestilte meg ein stor chips i den tru at det er det same som ein stor chips heime. Etter å ha blitt informert om at det ville bety ein kilo med chips modererte eg pent bestillinga mi til ein liten ein, som var meir enn stor nok.

Kvelden tilbragte eg i teltet med sudoku, sjokoladerosiner (også kjent som rjómasúkkulaðirúsínur på islandsk – fantastisk godt) og Pastalasagne til middag (terningkast 1).

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.