Monolog Sakte-liv nedom tindane

Scroll this

For å kunne føre ein god dialog, må ein kanskje beherske å ha ein god monolog? Eg fekk i alle fall god tid til å føre lange monologar med meg sjølv på mitt andre forsøk på åleinetur. To dagar med filosofering, skriving, lesing og timar utan å tenkje på noko som helst og utan å måtte forholde meg til andre enn meg sjølv. Berre å lytte, sjå, og vere. Skjønt!

Den fyrste åleineturen min var ei ganske stressande affære, med minimal kosefaktor. Eg var difor litt spent før eg la i vei denne måndagen etter at eg og Stine var ferdige å klatre. Vêrmeldinga såg fin ut for åleinetur, og turmålet var ein stad eg aldri har vore før, men har høyrt mykje bra om, nemleg Ytre-Standalsætra. Veldig kort å gå – noko som passa perfekt sidan forma ikkje var på topp sidan eg var sjuk. Med nasespray, kleenex og halsdrops i sekken satsa eg på at det skulle gå heilt fint allikevel.

Det er utruleg flott på sætra, flotte tindar omkransar den og ein ser rett ned i Hjørundfjorden. Tid om anna buldra det av snø som rasa ned frå fjella og elvrebruset går som ein konstant dur i bakgrunnen. Fuglane var travle og kvitra og sang døgeret rundt. Og midt oppe i dette her skulle eg telte! Tenk det. For ein luksus å ha moglegheit til det.

Teltet vart for fyrste gong sett opp på barmark og det var litt kjekkare å slå opp utan ski på beina. Liggjeunderlaget vart blåst opp og soveposen rulla ut. Pakka ut av sekken og kom til at eg faktisk ikkje hadde gløymt ein einaste ting. Det er ganske godt gjort når eg for tida stort sett ikkje har tankane heilt med meg.

Digg middag vart diska opp utpå kvelden – nemleg pannekaker med sprøsteikt bacon og sukker. Kjende meg som ein meisterkokk der eg sat og pusla med primusen. Haha. 🙂 Det er ikkje så mykje som skal til. Til dessert vart det friske jordbær og kald øl – nytast best med flott utsikt!

Leggjetida kom og timane gjekk medan eg framleis låg vaken. Eg er utrusta med ein litt over snittet god (og til tider morbid) fantasi, dessverre. Det var ikkje måte på alle farar som lurte utanfor teltduken: ulv, bjørn, øksemordarar og andre mordarar, nedgravde lik som heldt på å krafse seg fram frå under steinane med gulkvite skjelettfingrar (berre sjå det for deg! Grøss…) og kamplystne orrfuglhanar. Kvar ein lyd vart registrert der eg låg med øyrene på stilk. Etter kvart gjekk til og med fuglane til ro for kvelden og den einaste lyden eg høyrte var elva som bruste. Eg somna ikkje før sola var godt og vel på veg opp for ein ny dag og fuglane på ny tok til å kvitre.

Etter ei slik natt følte eg at eg hadde fortent god frukost: pannekaker med bacon og sukker (jada, det einaste eg kan å lage på primus…) og eggerøre. Genialt med eggeboks slik at ein kan ha med heile egg på tur utan at dei blir knust. Eg ga kokekaffien eit forsøk og tømde oppi meir og meir kaffi. Trur eg brukte snart ein halv pose med kaffi oppi kjelen før det smakte greit av kaffi. Det var rett før det heile enda med spying når eg plutseleg fekk ei fælsleg glye med kaffigrut i munnen når eg intetanande tok ein stor kaffislurk. Slike overraskingar likar eg ikkje! 😛

Dagen gjekk i sakte tempo. Deilig å leve sakte-livet litt og. Timane gjekk med til lesing i boka eg hadde med, W.C. Slingsbys «Til fjells i Norge». Passande lesestoff der eg låg mellom fjella, tenkte eg. Det er underhaldande å lese skildringane til desse tidlege fjellturistane i Noreg. Skildringane av naturen og beretningane om jaget etter å kome fyrst på dei ulike toppane og begeistringa for tindane… Det vart òg god tid til dagdrøyming og filosofering, samt litt dagbokskriving. Eit par damer frå Langevåg var ute og gjekk i fotspora til dei tidlegare generasjonane sine. Artig å høyre kor engasjerte dei var i si eiga historie bakover i tid og å sjå gleda deira over å vere på same stad som forgjengarane sine.

Mot kvelden tok det til å regne og eg trekte inn i teltet. Fint å liggje der og lytte på lyden regndråpane lagar når dei treff teltduken, noko meir avslappande trur eg nesten ikkje finst. Og det er sant, ingen skumle ting er ute i regnvær. 😉 Søvnen kom fort og eg sov som ein liten unge gjennom heile natta og vakna utkvild i dag tidleg. Eg hadde i løpet av natta blitt spist på – rett nok ikkje av ulv eller bjørn – men eit eller anna insekt hadde i alle fall hatt eit festmåltid på mi bekostning. Sleng på ein dæsj med allergisk reaksjon så har du ei taus med eit stykk opphovna og seriøst ekkel fot. Det såg nesten ut som eg hadde fått ein ekstra ankel på leggen. Er vel berre å skrive seg bak øyra fyrst som sist at på neste tur må allergitablettar og salve med.

Frukosten i dag var så begredeleg at det er ikkje verd å nemne ein gong. Det som skulle vere havregraut vart meir som ekkel havresuppe. Korleis det er mogleg å fucke opp havregraut så til dei grader er for meg eit mysterium. Eg klarar tydelegvis det meste! Til tross for jævleg frukost og tidenes insektstikk var kjensla god når eg sette meg i bilen for å køyre heim. Den fyrste teltturen der so og sei alt har gått etter planen! Og heilt åleine attpåtil 😀

 

 

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.