Motivasjonstur Å finne att gleda i dei små tinga

Scroll this

Dagen i dag starta i grunn som alle andre dagar. Ikkje noko spesielt med den og veret ute var grått og trist. Til og med eg var litt grå og trist. Etter å ha helt i meg ei heil kaffikanne åleine kom eg til at det var på tide å lufte skrotten litt og få litt frisk luft. Eg var i grunn ikkje så supergira, og det freista ikkje mykje å måtte gå med skalbekledning på grunn av regnet. Viljestyrka heldt heldigvis heilt fram, for treningsøkta i dag er av dei bedre og faktisk den kjekkaste eg har hatt i år! Ein kaffiskål for det. 😉

Det vart eit par runder med dekket rundt Bjørdalsvatnet. Økta starta i fint, svalande småregn, og eg fekk faktisk ei halv runde rundt vatnet utan regn i det heile. Medan eg gjekk der på fyrste runda vart det litt filosofering over dette med trening og motivasjon. Eg har lenge vore umotivert for det meste, og har i grunn berre trent fordi eg føler eg må og ikkje har hatt roa over meg til å sitje stille uansett. Så vart det litt fundering på kva mål eg eigentleg har med å trene…

Greit nok, nokre av måla er jo å vere fysisk i stand til å kome meg til ein gitt stad, eller å vere lettast mogleg til eg skal til Lofoten til dømes. Men om eg ser litt større på det, så er jo det viktigaste å vere i god nok fysisk form og psykisk sterk nok til å fint nå dei måla eg har sett meg og å ha ein kropp som fungerer til det eg vil bruke den til. Konklusjonen min om kva eg vil oppnå med treninga går faktisk ikkje noko på utsjånad i det heile, noko som overraska meg litt sidan det har vore ein stor motivasjonsfaktor tidlegare.

Så, mine treningsmål i uprioritert rekkjefølgje:

  1. Skadefri, elles kjem eg aldri dit eg vil. Ergo må eg trene smart, heilheitleg og ikkje minst gjer dei dødskjedelege fysio-øvingane eg aldri gidd å gjere.
  2. Seig, for å halde ut lengje utan å knekke og gje opp. Heng saman med psyken.
  3. Råsterk, jo meir styrke – di betre. Både kropp og psyke.
  4. Bevegeleg, kroppen min skal ikkje vere ei begrensing.
  5. Hardfør, eg vil tåle ein trøkk.

 

Etter å ha konkludert med denne lista for meg sjølv oppe i skallen, merka eg at eg faktisk gleda meg over å vere ute på tur. Med eit dekk på slep. I pisseregn. Motivasjonen for å ta ei runde til kom og slik vart det. Hadde eg møtt folk hadde dei nok tenkt at eg var ein einfoldig tulling på tur, der eg brått gjekk opp bakkane med eit stort glis. Plutseleg var det så mykje å glede seg over. Småting, men eg kjende at det gjorde meg glad og eg fekk den sprudlande kjensla innvendig som eg får når eg synest noko er verkeleg kjekt.

Kontrastane mellom dei kvite fjelltoppane og dei ulike knallgrøne fargane på trea, graset og resten av vegetasjonen. Lukta av vår. Småelvane som finn sin eigen veg ned til vatnet og sildrar fint avgarde. Kvitveisen som veks innimellom overalt, og småfuglane som styrer med sitt. Dei søte lamma som finn trøyst i lag når eg kjem som eit godstog på vegen og sikkert lagar litt skummel lyd. Sola som av og til gløttar fram.

Men det som verkeleg fekk det til å boble over var når det gjekk frå småregn til store, tunge regndropar og styrtregn. Då hoppa eg faktisk rundt som ein idiot! La hovudet bakover og lot regndropane falle på tunga og strekte armane i været. Det skal vere sagt at eg alltid har likt slikt regn veldig godt. Å kjenne dropane treffe kroppen, håret blir vått, det renn nedover ansikt og ned i nakken slik at ein blir kliss våt i løpet av nokre titals sekund. Tenk å finne glede i noko slikt! Sært, sånn eigentleg. Men samtidig, så er det veldig meg, noko som tyder på at eg byrjar å kome tilbake til meg sjølv og at eg har begynt å kome inn på det rette sporet når det gjeld motivasjon. Enno ein ting å vere glad for! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.