#Musespor2015 Jomfrutur i teltet

Scroll this

Etter å ha venta i nesten fire veker på at det etterlengta teltet mitt skulle kome i hus, hadde eg nesten ikkje ledig tid att til å få testa det ut før ein ny arbeidsperiode sto for tur. Då er det kjekt å ha gode vener som Stine som trår til og blir med ein grønnskolling innanfor teltlivet ut på tur ein søndagskveld.

Eg kom heim frå Oslo i 20-tida på kvelden. Då heiv eg meg rundt og pakka sekken: sovepose, telt, liggeunderlag nr.1 – her fann eg ut eg måtte dele opp teltet skulle eg få plass til alt. Tok med både snøpluggar og vanlege pluggar «for sikkerheits skuld» (nøyaktig kvifor er berre ein abstrakt tanke oppi skallen som eg ikkje klarer å setje ord på) – litt ekstra vekt er jo berre litt ekstra trim. I alle fall på ein fyrstegongstur ikkje så lagt heimanifrå.

Resten av tinga vart pakka i ein fei og følte meg rimeleg trygg på eg hadde fått med alt eg trengde. Skia vart lagt på taket og den fullstappa sekken gjorde ein god innsats for å fylle opp bagasjerommet i Golfen. Eg sette meg bak rattet og kom på eg hadde gløymt tannkosten. Vel – då må ein berre inn att og ta den med. Og tannkrem så klart. Ein svipptur til andre sida av bygda for å plukke opp Stine med oppakning, så var vi klare for tur.

Vi hadde bestemt oss for at Kvanndalen var ein fin stad å teste ut teltet. Det er ikkje så langt å gå og det er ikkje bratt (noko som passar skiferdigheitene mine på veg ned att ypperleg). Vi starta å gå rundt 22 på kvelden og brukte om lag ein time opp. Forholda var heilt fantastiske med fin, frisk temperatur, stjerneklårt og måneskin. Vi gjekk utan haudelyktene på sidan månen skein så godt opp. Av og til seig eit og anna skyslør framfor månen og ga oss kjensla av at nokon slo av lyset, for å like brått slå det på att.

Vel oppe fann vi oss ein perfekt teltplass: flatt, hard skaresnø så vi slapp å trakke underlaget og fint utsyn. Etter å ha slått opp teltet eit par gonger inne i leiligheita mi følte eg at dette hadde eg god kontroll på. Skilnaden på stova mi og teltplassen synte seg å vere ganske stor:

1. Eg hadde ikkje trent på å slå opp teltet med ski på beina,
2. Eg hadde heller ikkje trent på korleis snøpluggane eigentleg fungerer, og til sist
3. Eg hadde ikkje øvd meg på å slå opp teltet med hanskar på.

Teltet kom opp til slutt, men det tok definitivt meir enn dei 5 minutta det tek innandørs heime. Allikevel opplevde eg det som enkelt å slå opp, berre ein får trædd i stengene og klipsa opp ytterteltet så står det av seg sjølv og er slik sett ferdig.

Vi gjekk i gang å grave grop i kvart vårt fortelt – eg måtte ta meg nokon snikturar rundt til Stine si side for å få fasiten på korleis noko slikt er meint å sjå ut. Det som er fint med å vere nybyrjar er at alt er nytt og spanande! Etter kvart fekk vi pakka ut og installert oss i teltet, som er noko intimt, men ikkje trangt for to personar. Kveldsmaten vart enkelt og greit Real Turmat som smakte godt i ein trøtt kropp.

Snøfillene tok til å dale når vi skulle leggje oss og ga fin bakgrunnslyd. Det er ikkje mange ting som er meir koseleg enn å liggje tørt og godt i telt og høyre på nedbør som treff teltduken. Eg sov godt natta igjennom, og vakna av at Stine dunka snø av teltet morgonen etter. Frukosten bestod av skikkeleg kraftfor – havregraut, kanel, rosiner og mandlar. Teltkaffi høyrer sjølvsagt også med til frukosten – og det er noko heilt eige med denne kaffien sjølv om det «berre» er vanleg kaffipulver. Kanskje er det koppen som gjer det, vatnet eller kanskje staden ein drikk den på. God er den i alle fall.

I løpet av natta hadde Stine hatt ein draum om at ei mus sprang tvers igjennom teltet vår og sprang over oss medan vi sov. I draumen var vi dekkja av snø så ein kunne sjå musespora tvers igjennom teltet frå ein inngang til den neste. Denne draumen vart opphav til tur-tagen #Musespor2015 – ein passande tag for jenter på tur synest eg.

Nedpakkinga av teltet var ingen sak. Tjo-pang så var det nede og pakka i sekken. Eg hadde grudd meg pittelitt til nedturen med tanke på svake skiferdigheiter, men med fyrsteklasses ploging og sakte fart kom eg meg ned utan knall og fall.

Kjensla i kroppen var god når vi sette oss i bilen. Fyrste teltturen var endelig unnagjort, og det tilogmed på vinterstid (noko mor mi mildt sagt ikkje var begeistra for), eg hadde stått på beina heile vegen ned att på ski og i det store og det heile hatt ein bra mestringsopplevelse og ein fin jentetur. Stine er ein framifrå turkompis som eg har masse å lære av, og allereie har eg lært ting å ta med vidare.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.