Myth busted: Det finst fleire fiskar i havet

Blikkstille

Scroll this

I dag har eg gjort ein heiderleg innsats. I stadenfor å fare på tur til akvariet i Ålesund åleine bestemte eg meg for å gi fiskinga eit forsøk til. Sånn i ettertid ser eg at eg nok like gjerne kunne tatt turen utover, for det vart ikkje nærkontakt med fisken i sitt rette element i alle fall.

Men, men… Til trass for enno eit slag i trynet på trua mi på fiskelykka, har eg hatt ein fin dag. Starta dagen med trøsteshopping og fekk fylt opp slukboksane mine med mange nye slukar (som ingen fiskar beit på til tross for store lovnadar på emballasjen). Deretter gjekk turen til Rjåneset, der eg åt frukost i solskinet og kosa meg med ein del koppar kaffi i fjøra før eg på ny testa fiskelykka.

Rett etter eg hadde kasta ut sluken og venta på den skulle søkkje høyrde eg plutseleg nokre merkelege pruste-lydar. Fyrst undra eg på kva det var han eigentleg styrte med han mannen som stod eit stykke i frå meg og fiska, heilt til eg såg nokre ryggfinnar som sklei gjennom vatnet. Niser! Så var det noko liv i vatnet her allikevel. Eg gløymde heilt av fiskinga mi og vart ståande å sjå på dei der dei symde i vassflata. Grasiøse skapningar. Då eg kom på at det kanskje ikkje var så lurt å late seg distrahere frå fiskinga og skulle til å sveive inn synte det seg at sluken hadde sett seg fast. Det var det næraste eg kom napp i dag. Ikkje at eg er slukøra ( 😉 ) av den grunn, men litt action hadde vore kjekt.

Austefjorden var neste stopp, der Bjørnar skulle vise meg nokre fiskeplassar. Han hadde sett fisk som vaka der tidlegare i dag, så eg følte meg sikker på at no var tida komen. Endeleg skulle eg hale inn fisk og få løn for strevet og det utrulege tolmodet eg har utvist siste dagane. Vi kasta og kasta, flytta oss frå stad til stad, bytta slukar og varierte innsveivingsteknikkane. Til ingen nytte. Vassflata låg blikk stille og det var ikkje teikn til liv. Kor i alle dagar er all fisken hen?!

Vi fann ut det var på tide å ta kveld når sola for lengst hadde gøymt seg bak fjella, isen byrja å leggje seg på vatnet og vi hadde fått i oss ein kopp kaffi. Sjølvom det ikkje vart fisk i dag heller, så kom i det minste kasteteknikken min seg betrakteleg i løpet av dei seks timane eg var ute å prøvde lukka i dag. Betre lukke i morgon!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.