Naturleg sikra på Kalle #Lofotloffen

Kalle rapellerer

Scroll this

Onsdag 19.08.15 var den historiske dagen der me for fyrste gong leda på eigne sikringar! Stort augeblikk for oss to, ganske uvesentleg for resten av verda. Me heldt til på Kalle som var ein veldig fin stad å starte øvinga sidan ein der kan velgje linjer i alle vanskegradar. Me gjekk for enkel klatring for å kunne konsentrere oss om å setje gode sikringar (me vil jo ikkje døy… 😀 ).

Fyrst på dagen starta med å plassere sikringar og lage standplassar på bakkenivå. Sidan gjekk me  vidare til å klatre kvar sine taulengder og byggje standplass og ta opp nr to. På slutten av dagen utvida me til to taulengder, heilt på eiga hand! Kjempegøy! Det var litt skummelt i starten, å klatre og satse på at dei sikringane ein har plassert skal halde eit fall. Det er nok grunnen til at det tok ei lita evigheit å få plassert kvar sikring! Ein blir ikkje heeeilt nøgd, så må ein prøve ei anna sikring men den heller vart ikkje heilt perfekt og så har ein det gåande. Yngve sjekka sikringane våre og ga oss tilbakemeldingar og tips til forbetring. Me har i alle fall lært skilnaden på godt og dårleg plasserte sikringar, så får det heller ta litt tid i starten. Rutinerte blir me tidsnok. 🙂

Eine standplassen eg laga var eg så fornøgd med at det må berre nemnast. Det var eit hol i fjellveggen der det sto ein liten pillar som såg ut som det kunne vere perfekt å tre ei slynge gjennom. Det såg lenge ut til å vere eit håplaust prosjekt, men etter mykje pirking og intens innsats gjekk slynga gjennom og vips, så hadde eg eit bombesikkert naturleg festepunkt. Gjett om eg var fornøgd med innsatsen, haha. Uansett fint å utnytte slike ting så slepp ein å bitte opp meir uttyr enn naudsynt på standplass.

Teori

På kvelden hadde me ei teoriøkt som omhandla fallfaktorar, utstyr og vedlikehald. Greit å vite litt meir om utstyret så me kan gjere gode val ved utstyrshandel. Eg fann i alle fall ut i løpet av kurset at Camalot C4 er dei kamsikringane eg føretrekk, samt at nokre Aliens kan vere kjekt å ha. Sjølv om eg har ein del utstyr frå før så er det dyrt nok å kjøpe inn alt som manglar! Det blir nok kun Camalots på ynskjelista mi til jul i år… 😉

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.