Nigardsbreen Dei fyrste turane på blåis

Hoppings

Scroll this

Etter å ha fått ein fyldig gjennomgang av snøbakketeknikk mandagen, var det duka for turar og øving i blåis på Nigardsbreen tysdag og onsdag.

Då me kom fram  til brefronten knytte me oss inn i tauet og fekk på utstyret. Me fylde turistruta opp til nokre fine bolleformasjonar der me knytte oss ut av tauet og trente på ulike stegjarnsteknikkar. Eg fann rimeleg kjapt ut kva som funkar for meg og kva som ikkje funka så godt. Det er i grunn ganske sjukt kor godt ein står i isen berre ein har på seg nokre piggar under skoen… Tøft! Me hadde også ei øvingsunde på å lage standplass i is. Interessant å sjå dei ulike løysingane me valde for å løyse oppgåva!

Etter å ha trent samla ei lita stund fekk me gå rundt å utforske litt sjølve i området. Einaste føringa me hadde var å tenke risiko og ikkje ta nokre unødige sjansar. Når me følte me hadde nokolunde kontroll på stegjarna knytte me oss inn att i tauet for å gå på oppdagingsferd opp brefallet. Lars gjekk i tet og eg var sistemann. Han fann ei artig (og litt småskummel for ei nybyrjarpyse) rute gjennom brefallet opp til der breen flatar ut. Der snudde me taulaget og eg tok oss vidare opp breen og ut mot randsprekkene der me hadde ei tørrtreningsøkt på redning på blåis.

Me kom også over nokre gamle beinrestar etter eit eller anna stort dyr medan me gjekk på breen. Kanskje det var ein mammutt 😉 Hehe!

Onsdagen var me også på Nigardsbreen. Då gjekk me rake råsa opp dit breen flatar ut og fann oss ei fin sprekk å trene på redning i. Fyrste redninga var eg sistemann i taulaget – eg synest eigentleg det er kjekkaste plassen å vere på når det gjeld redning. Rigga opp talje saman med andremann og me fekk opp den falne på god tid. Kjekt å drive på med taljer og litt tausystem! Ikkje er det vanskeleg heller. Me var såpass kjappe på redningane at me rakk 4 redningar slik at alle fekk prøve dei ulike plassane i taulaget. Når det var min tur å henge i sprekka merka eg godt kor mykje det har å seie at ein er litt effektiv med å rigge opp taljesystemet. Den klemde bra både brystselen og sitjeselen, og når eg dusja på kvelden hadde eg fått blåmerke i skulderområdet, på overkroppen og i midja etter selane. Me prøvde også å bruke utvida hjelpetalje i praksis. Då klarte eg greit å hale opp ein person åleine, så den er grei å kunne for damene! 🙂

Når me var ferdige med redninga gjekk vi over til ein bolleformasjon der Kari hadde rigga opp topptau slik at me skulle få prøve isklatring. Me hadde berre tid til å klatre ein gong kvar, men steik kor kjekt det var! Og fy søren kor godt dei sit klatreøksene. Det som krevde mest innsats var jo å få dei ut av isen…

På veg ned beslutta me å gå utan tau sidan me var på blåis og ser tydeleg alle sprekker me kan falle ned i. Det var litt nervepirrande å krysse store sprekker utan tau, men det gjekk heilt fint! Meistringskjensla etterpå var meget god. 😉

1 Comment

  1. Pingback: Brekurs -

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.