Overgangstur Vartdal-Rjånes over fjella

Scroll this

I går hadde eg og Stine oss ein liten stortur med overgang frå Vartdal til Rjånes over fjella, 12 km.

Me rekna med at sidan det var vi to på tur kom dette til å ta tid, så me planla tidleg start. Ein time etter skjema kom me oss av gårde. Eg parkerte bilen på Rjånes og Pål var snill og køyrde oss til Fosshola på Vartdal der me skulle starte. Me fekk ein fin tur opp Risaskaret om ein ser vekk i frå svermen med fluger som fann oss særs attraktive. Flugene heldt fylgje med oss nesten heilt opp på Bergehornet, heldigvis fekk me fred frå dei etter det. Me møtte to folk og ei rype på Bergehornet, elles såg me ikkje ei sjel. Det er tydeleg at dette ikkje er mykje besøkte toppar og det var i grunn deilig å få gå i fred.

Me gjekk vidare over ryggen til Raudetindane til erigert varde nummer 1 (seriøst stramt byggverk!) der me klivra litt der det gjekk an. For den som er interessert er det utruleg mykje kul stein å sjå på denne turen. Me merka store hòl i kunnskapen vår på dette området så der må me skulere oss litt. Det er litt kjekkare når ein veit kva og kvifor! 🙂

Frå Raudetindane gjekk ferda vidare opp på Grøthornet, opp ei kjekk ur langs ryggen som på tøyseskalaen vår for ur fekk grad 4 på grunn av edderkoppar og store nett. På toppen fann me etter litt leiting boka (er nok lettare å finne om ein kjem nedanfrå) og ein fin krok å ha ei matpause i. Varden her hadde òg sitt særpreg, sidan den er bygd over ei stor sprekk mellom to flak. Det var forsovidt ikkje så mange andre plassar ein kunne plassert ein varde. Vidare gjekk det tungt nedover til skaret før det enno ein gong bar oppover, denne gongen mot Liahornet og erigert varde nummer 2. Mot toppen møtte me rype nummer to for dagen som sette i eit leven og stakk når Stine nærma seg for å fotografere. Utruleg tøff lyd på desse fuglane!

Nedturen

Turen gjekk i grunn kjempefint heilt til me «berre skulle» ned att til bilen som sto parkert på Rjåneset. «I følge karte ser de no greit ut her!», «me berre går ned her», «kanskje der borte» og «der ser greit ut» leidde ut i eit møkkhelvete av ei ur. «Det såg ikkje sånn ut på karte!». Eg som hadde byrja å like å gå i ur no etter dei siste turane, og så hamnar eg inni eit helvetes rallemikk av laus stein… Dårleg planleggjing frå mi side!

Greit nok med slik ur oppover, men nedover er ikkje like kjekt. Me kom oss gjennom det på meir eller mindre elegant vis, og skulle så vidare til råsa ved Rjåneskamben. Som me bomma totalt på og enda med bratt bushwacking i mosegrodd ur, langt vekke frå der me eigentleg skulle kome ned. Ein kan gjerne tru at det å gå opp på fjellet er slitsamt, men å ta seg fram nedover i slikt terreng var det mest slitsame på heile turen!  Reaksjonsmønsteret mitt når ting er litt ræva er å le, og det var ikkje stort anna å gjere enn å flire høgt av seg sjølv der me gjekk å fabla om dyretrakk, hemmelege råser frå krigen og crashing av grillparty medan me kjempa oss nedover.

Det både såg ut og kjendes som om me hadde vore i krigen når me endeleg kom ned på den etterlengta råsa etter vel to timars kamp frå toppen. Hòl i rumpa på tightsen, oppskrapa leggar og lår, rusk både i håret og her og der og kvar vår fanskare av floger på slep. Halleluja! Denne turen går IKKJE i gløymeboka med det fyrste, og det er like greit sidan eg ikkje har tenkt å gjenta den med det fyrste heller. 😉

Utenatt med minsten

Det vart ein svipptur innom heime for å springe gjennom dusjen og hente tursekken og mistebror før me køyrde opp i Kvanndalen (perfekt telte-plass for slitne bein!) og fann oss ein teltplass 1 minutt å gå frå bilen. Teltet kom opp med hjelp av minsten og me laga oss kvelds og spiste sjokoladepudding til dessert. Gliset vart stort på minsten når han skjønte at systa diska opp med favoritten.

Sidan han fekk gode-liggeunderlaget (og slokna som eit lys etter kvelds) vart det skumunderlag på meg. Ikkje heilt komforten eg hadde sett fram til, men det vart litt søvn før varmen i teltet vart for høg i solskinet på morgonen.

Me tok nokre runder med yatzy, kortspel og litt forsøk på fisking før me sette kursen heim søndag. Godt nøgd lissjebror i alle fall som endeleg fekk vere med på telttur.

 

1 Comment

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.