Paradiset Kalle #Lofotloffen

Kalle

Scroll this

Me vakna tidleg, kanskje på grunn av sommarfuglane i magen? 🙂 Etter eit halv år med gleding og forventningar, så var endeleg tida komen for kursstart i naturleg sikra klatring på Nordnorsk Klatreskole.

Frukosten vart inntatt på klatrekafeèn til bra beats på høgtalaranlegget. Me fekk endeleg treffe dei andre kursdeltakarane, Sascha og Kalle. Dei er lækjarar frå Sverige som også var gira på å ta steget inn i den naturleg sikra vertikale verda. Instruktøren vår Yngve Nordskag, er ein kul type som har mykje peiling og plenti godt humør. Eit stort smil og avslappa haldning gjer sitt til at han opplevast som tryggheita sjølv når ein skal lære seg det handverket naturleg sikring er.

Fyrste dagen på kurs starta i det små med topptauing på klatrefeltet paradiset Kalle som ligg idyllisk til nede ved sjøen. Endeleg skulle me få kjenne på litt Lofotstein og presse føta inn i for små klatresko! Eg og Stine har nesten ikkje klatra i sommar, så det gjekk litt treigt i starten. Etter ei økt med topptauing bevega me oss vidare til å trene på klatreteknikk. Ute er det ingen fargekoda plastikk-tak så ein må vite korleis ein kan utnytte det ein kjem over. Det vart trening på jamming av ulike typar (litt angst for å setje fast noko – det skal innrømmast), kanting, smøring, laybacking og rørsleteknikk.

Etter mykje øving på klatreteknikk fekk me ein gjennomgang av rapell både med taubrems og åttar. Gleda var stor over å endeleg få brukt den knallrosa rapellåttaren min! 😀 Me avrunda kursdagen med ein gjennomgang av taulagsrutiner for å førebu oss på morgondagen. Stine fekk æra av å vere sikrar og gå si fyrste, vesle taulengd som toar (det er sjølvsagt på film 😉 ). Eit lite, stort augeblikk! 😀

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.