Primuspoesi Dei små vanskane her i livet

Scroll this

Det starta med ein god plan, trudde eg.
Men primuspannekaker skulle vise seg
å bli verre enn eg hadde trudd,
– sånn går det om ein ikkje er heilt budd.

Eg gjorde alt etter boka,
men aldri fan om det tok’a.
Skrudde søndt, sjekka og såg
Men fann ikkje kvar feilen låg.

Pannekakerøra eg hadde laga til,
fekk eg ikkje nytta slik so ein vil.
Den vart liggjande i plastflaska si
og hamna aldri i vomba mi.

Det var jo litt av ein skuffelse då,
å sitje i fjæra med ein primus som ikkje vil på.
Kva er då neste trekk?
Jau, det blir å kome seg vekk.

Heim eg reiste i golfen så blå,
løysinga er nok heime lett å sjå.
Og jammen fekk eg heilt rett –
når eg nøye på primusen fekk sett.

Det synte seg slik når eg fekk lyse på,
at eg rusk under dysa kunne sjå.
Her måtte det q-tips til,
om brennaren skulle funke slik eg vil.

Eit nytt forsøk vart sett i gang,
eg var litt nervøs for at det skulle sei pang.
Endeleg kom det fyr og flamme,
og røra hamna i panna med det samme.

Det såg nok litt rart ut der eg sat,
utanfor garasjeporten og laga mat.
Men sånn er det når ein er så sta,
og ikkje gir seg før ein får det ein vil ha.

Pannekakene smakte heilt topp,
og mestringskjensla gjekk definitivt opp.
Minstebror kom ned og ville smake –
eg får håpe det var godkjende pannekake.

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.