RETT OPP! Klatremusene på klatring og tur

Scroll this

Etter helga har det nye mantraet blitt «RETT OPP!», noko me i høgste grad etterlevde i dag. Me starta med ei god økt i siloen, der det var leding i brattaste veggen som sto på tapetet. Eg har i grunn ikkje klatra så mykje på led, så no er det på tide å leggje ned ein god innsats for å få opp nivået, for det trengs. Ein blir fort litt godt vand med topptaua som heng oppe i siloen. Då er det viktig å hugse på at det heng ikkje ferdige topptau i fjellet! Så skal me nå måla våre må me berre klatre opp tauet sjølve og jobbe litt med psyken.

Når det var min tur å lede vart eg på eit punkt hengande i tauet og sjå svart på livet – eg pingla skikkeleg og turde ikkje å satse og prøve. Etter kvart vart sjølvsagt Stine lei av å måtte halde meg i tauet medan eg hang og dingla, så eg fekk klar beskjed om at enten fekk eg sjå til å kome meg opp eller så måtte eg kome ned. Dermed var saken grei, aldri faen om eg skulle kome ned utan å få det til! «Klipp» sa det, så var tauet klippa på punktet eg var redd for. Det er ganske greit å vere trassig av seg innimellom og ikkje minst er det fint å ha Stine som gir meg velfortente spark i baken når eg treng det mest! Ho gutsa som berre det i dag og hadde fin innsats i veggen.

siloenmedium
Dagens pump-prosjekt

Etter at underarmane var godt oppbrukt og utpumpa sette me kursen mot Rotsethornet. Fridagar må utnyttast maksimalt, må vete. Eg har i grunn aldri hatt noko spesielt lyst å gå på Rotsethornet, sidan det er ein litan «klump» som ikkje ser spesielt spanande ut å traske på. Stine fekk overbevist meg, og som den forvokste ungen eg er storkosa eg meg så snart eg fekk hale meg opp etter kjettingar og klive på litt stein. Rett opp!

På toppen var det berre å leggje vekk alt som heiter sjenanse og vrengje av seg på overkroppen for å få på tørre kle, sidan vinden var særs sur. Ein skulle ikkje tru me er i Juni månad ut i frå temperaturen! Me tok ein lang rast på toppen, drakk mange koppar turkaffi og berre naut livet før me tok til på nedturen. Me gjekk andre vegen ned att slik at me fekk ein fin rundtur. Med unntak av mykje sleipe røter er i grunn råsa på baksida fin å gå. Rotsethornet viste seg å ikkje vere så verst allikevel, mykje takka vere morosam turkompis og artige samtalar! 😀 …Men eg synest fortsatt at Ørsta har dei flottaste sentrumsfjella.

No er det snart tid for 14 nye dagar i Nordsjøen, eg vonar at det vert stor snøsmelting i løpet av dei vekene heime slik at fjella er snøfrie nok til fottur når eg kjem heim! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.