Reykjavik-Kópasker Etappen før turstart

Scroll this

06. Juli 2016 – Onsdag

Sommarfuglar i magen

06. Juli 2016, klokka er halv ni på kvelden og eg har nett kome heim frå 14 dagar offshore. Alt av baggar og utstyr vart pakka før eg reiste på jobb, men sjølvsagt må kontrollfreaken i meg pakke opp att alt «berre for å vere sikker». Som venta var alt i henhald til pakklista, nett som det var dei fem-seks føregåande gongane eg sjekka før eg reiste på jobb. Tidleg kveld sidan flyet vidare går i halv sju-tida på morgonen.

07. Juli 2016 – Torsdag

Ankomst Island

I strålande sol landa eg på Keflavik flyplass dagen etter. Turen gjennom tollen gjekk megafint, det var berre å smile breidt og spørje fint om dei ville ha nokre kroner for giga-overlasta mi med mat (for ikkje å snakke om den strengt tatt ulovlege snusen men den sa eg ikkje noko om…). Det trikset har eg lært av mamma, gå all in og tilstå dine små synder fyrst som sist – som regel er det for smått til at dei bryr seg. Perfekt strategi for meg som ser megaskyldig ut med ein gong eg veit eg gjer noko gale. Karen eg traff var av den hyggjelege sorten så han vinka meg fint vidare medan han ønskte meg god tur.

Kex hostel

Opphaldsstaden min i Reykjavik før avreise nordover var Kex Hostel. Stemningsfullt Hostel som har knallgod hamburger. Anbefalt om ein ikkje vil betale dyrt for overnatting i sentrum. Langtidslagring av bagasje er også gratis så sant ein kjem tilbake for å bu der seinare.

Kvelden i Reykjavik gjekk med til å leite byen rundt for å få tak i pappesker for å sende ut depotpakkar, noko som synte seg å vere eit vanskeleg oppdrag. Til slutt måtte eg inn i butikkane for å spørje etter esker dei får varer i. Heldigvis løyser det meste seg til slutt. 🙂

Roomiane mine på hostellet måtte pent finne seg i noko rot når eg endeleg hadde boksar å fordele saker og ting i. Mat, snacks, truser og kryssordblad låg spreidd utover heile golvet medan eg fordelte i boksar og sekk etter depotlistene mine. Tidleg kveld vart det, og eg vart difor overraska når eg morgonen etter hadde fått ein ny, engelsk roomie som takka for praten i går kveld og beklaga at han hadde vekka meg. Jeanett slår til igjen med prating i søvne på norsk. Lurer på kva eg hadde å fortelje. 🙂

 

08. Juli 2016 – Fredag

Avreise Reykjavik

Eg var oppe tidleg og fekk levert depotpakkane på posten og på buss. Deretter gjekk turen vidare til flyplassen i Reykjavik, som var utganspunktet for flyreisa vidare til Akureyri. Alt vel og bra dit, men når eg såg flyet eg skulle sitje på med vidare til Þórshöfn vart eg umiddelbart skeptisk.

Altså… Ein kunne SJÅ UT rundt døra. Der var knappast setebelter og me sat nesten i fanget på pilotane, så lite var flyet. Det rista og det bråka og eg var overbevist om at no er min siste time komen. Fy søren som eg angra på heile Islandturen når eg sat i setet mitt før take-off. Når det kjem til fly er eg definitivt svoren tilhengjar av uttrykket «jo større, jo betre». I ettertid fann eg jo ut at Twin Otter slett ikkje er noko dårleg fly, men der og då var det ikkje kjekt.

Heldigvis gjekk det bra, og me landa trygt i Þórshöfn, alle seks som var om bord.

Engelen i Þórshöfn

Eg hadde jo gjort min research på førehand i forkant av denne turen. Gass skulle ein få tak i over alt, det skulle vere noko alle bensinstasjonar hadde i følgje sikre kjelder. Vel, ikkje i Þórshöfn. Ikkje var beteninga særleg hjelpsam heller, og på denne pittelille plassen som består av heile 380 folk var det ikkje andre stadar å få kjøpt slikt.

Sidan planen var å gå nordover om eg mot formodning ikkje skulle få haik vidare, var dette eit stort problem. Ingen gass, ikkje varmevatn til mat og den kritiske morgonkaffien. Sjølvsagt kan ein overleve nokre dagar på proteinbarar, kaldtrekte havregryn og kanskje også kald, oppbløtt turmat – men det freista verkeleg ikkje. For andre gong denne dagen lurte eg på kva i helvete det var eg egentlig gadd dette her for.

Etter litt googling så synte det seg at det faktisk var ein campingplass på staden. Kanskje innehavaren hadde nokon gassboksar med restar i som nokon gjestar hadde gløymt? Ein telefonsamtale seinare var humøret mykje betre og eg bega meg ut på leiting for å finne symjehallen på staden, der innehavaren av campingen arbeidde. Han hadde leita i skuffer og skap for å finne noko eg kunne bruke.

Når han høyrde at eg også var på leit etter skyss vidare ringde han likesågodt rundt til alle kjentfolk for å høyre om eg kunne få skyss hjå nokon. Skyss vart skaffa og han fekk umiddelbart tittelen som dagens mann og ein god klem frå ei letta taus. Det er ikkje tull det dei seier om hjelpsame og hyggelege islendingar.

Change of plans

Turen vidare gjekk i lag med Anetta, ei polsk seksbarnsmor som skulle ut på tur med familien. Hyggeleg dame som råda meg til å leggje om litt på planane for å lettare få skyss heilt nord. Dermed vart Kópasker staden ho køyrde meg til før ho fortsette vidare mot Akureyri. Eg slo opp teltet mitt på campen i Kópasker og tok meg ein liten vandretur for å sjå. Rundt om på markane står det flust i forseggjorte fugleskremsel i alle typar fasong og utkledning.

Brennaren klikka når eg skulle lage middag, så det vart ingen varmmat. Kvelden gjekk med til å forsøke å reparere utan hell, lokalisere næraste sportsbutikk for eventuellt innkjøp av ny brennar (Akureyri…) samt sy eit hol i sekken som kom i løpet av flyreisa. Kjelen min hadde også fått hard medfart på flyturen, noko som resulterte i at tuten var knekt rett av. Surt, men litt trøbbel må ein vel rekne med. Så langt er det ikkje så veldig mykje som har gått etter planen.

3 Comments

  1. Pingback: Rifstangi -

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.