Rifstangi Nordlegaste punkt på Island

Scroll this

Dette er andre innlegg frå turen.

Del 1: Reykjavik-Kopasker

09. Juli 2016 – Laurdag

Av og til er ein heldig. I Kópasker er det èin butikk, som også er vinmonopol, kafè og bensinstajon. Denne butikken hadde ein annan type gass, og vips – så fungerte brennaren som berre det. Etter å ha kokkelert frukost, lunsj og føretatt X antal testfyringar kjende eg meg trygg på at det kom til å vare.

15.00 var det avmarsj, med nasa vendt mot nord. Med haiketommelen ute køyrde 5-6 bilar rett forbi, medan to eldre damer plukka meg opp etter nokre kilometers vandring. Eg skal kanskje vere glad for at eg ser ut som ein 14-åring utan sminke, sidan det var grunnen til at dei plukka meg opp. Dei hadde ikkje mykje tru på at eg var 25 år. 🙂

Bilturen gjekk så langt eg ynskte, heilt til starten på stien ut til Rif. Eg fekk meg eit smellkyss på kinnet, før Vera kalla meg for ei «crazy woman» og ynskte meg god tur vidare.

Eg såg bilen forsvinne i ei sky av støv (her var det ikkje mykje som minte om gammal-dame-køyring altså!) då eg brått kjende at no er eg heilt åleine. Mutters putters åleine, faktisk. Rar kjensle, men samstundes ganske godt. Nu skjer det!

Rifstangi

Frå grusvegen tok det om lag 3 timar å gå – inkludert bilde- og fuglepysepauser – tur/retur det nordlegaste punktet. Det var fint å gå, men sjukt mykje fuglar! For ei med seriøs fugleskrekk var det ikkje noko særleg. Heldigvis hadde eg redninga – Fuglur-skremmur-pinnur! Ein ordinær gåstav oppned, som med sin fryktinngytande spiss heldt beista unna, sjølvom nokre prøvde seg allikevel.

Fin kjensle å stå der, så langt nord ein kjem og sjå på bølgjene i havet som treftes. Det var ikkje noko system i det, bølgjene kom frå alle retningar og treftest voldsomt på midten. På veg ut går ein også forbi ein gammal gard, Rif. Tenk dei som budde der – milevis frå folk, med havet som næraste nabo.

Den gamle garden Rif

Ut på tur

Etter besøkjet på Rifstangi var det berre å få på sekken og leggje av garde for å kome fram til leirstaden eg hadde sett meg ut på kartet. Det synte seg å vere ein nydeleg stad å setje opp teltet! Heile sletta er full av humpar, dumpar og kular, men ved vatnet fann eg meg ein perfekt liten og flat stad å setje opp teltet.

Området ber preg av å vere uttørka, så eg er spent på vasstilgangen vidare. Fleire stader har eg gått forbi stader der det i følgje kart og satellittfoto skal vere vatn og små elvar, men det er knusk tørt. I camp her har eg det i alle fall veldig fint.

Nokre kjekke fuglar har eg også truffe på, dei liknar litt på ryper men har langt, bøyd nebb. Førebels er dei godkjend som kjekke fuglar, sidan dei ikkje angrip, men heller prøvar å lokke meg vekk ved å leike skada om eg kjem for nær dei små nøsta deira.

 

2 Comments

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.