Rock n’Roll-ryggen #Lofotloffen

Klar for retur. Foto: Stine Lystad

Scroll this

Med romjul, snø og mimring tilbake på året som har gått kom skrivelysta attende, så eg tenkte det var på tide å få gjort ferdig kladden som har ligge lagra sidan september. Ei så flott oppleving som den fyrste, eigensikra, fleirtaulengders klatreturen i tomannstaulag (shit, det vart mange lange, samansette ord!) med Stine må jo også vere med, den kan ikkje berre stuast vekk utan bilete og film i dagboka mi. 🙂

Rock and Roll Ryggen

På morgonen når eg vakna kjende eg meg litt trist. Ei utruleg flott veke nærma seg stygt slutten og eg kjende at det stritta i mot inne i meg so sterkt at eg nesten hadde lyst å grine litt: Meir, meir!

Eit siste punkt sto att på programmet, nemleg turen der me skulle klatre åleine i taulag og gjere alt av sikringsarbeid og klatring sjølve. Rock and roll ryggen vart valt sidan klatringa må vere enkel slik at me får konsentrert oss om sikringsarbeidet. Innsteget er rett ved vegen, om lag 10 min å gå frå parkeringsplassen ved badestranda.

Stine og eg var sjølvsagt i taulag, og eg fekk æra av å lede fyrste taulengd. Me hadde fått beskjed av Yngve om at det var lurt å klatre korte taulengder for å unngå stort taudrag. Klatringa gjekk unna og plutseleg var tauet nesten klatra ut, og akkurat som Yngve hadde advart om, med eit helvetes taudrag. Det vart faktisk så ille etter kvart at eg måtte stoppe for å drage opp tau for å få nok slakk til å kunne klatre vidare. Ikkje så veldig kult, og noko å vere obs på ved klatring med heiltau! Med minimalt med tau å gå på var det berre å setje standplass og ta opp Stine slik at ho kunne klatre vidare oppover på andre taulengd.

Me hadde nydeleg vêr også denne dagen som korrekt nok er skildra slik i dagboka: «Veldig varm dag, følte meg passeleg sprøsteikt i løpet av dagen». Ei medverkande årsak til nettopp den kjensla er nok at eg satt på sekken min på eine standplassen slik at eg på eit vis opna munnstykket på Camelbaken slik at vatnet rann ut. Kjemperutinert.

Klatringa oppover vart leda vekselvis slik at eg fekk fyrste og tredje taulengd, medan Stine klatra andre og fjerde. Når eg skulle forlate tredje standplass, synte det seg at Stine hadde stukke i veg med nøttepirkaren. Det ga litt problem med å fjerne den bombesikre kilen eg fekk plassert når eg bygde standplassen. Med hjelp av ein stein og eit kortvarig lån av nøttepirkaren til Kalle fekk eg med meg alt utstyr og kunne følgje etter på siste taulengd. 🙂

Det føltes veldig bra å toppe ut og kjenne på at me nett hadde fullført vår fyrste rute som sjølvstendig taulag! Ei heilt ny verd av moglegheiter opna seg. Me har nok av turar me har snakka om å gjere i framtida, og det er fint å vite at me kan «klare sjølv». Det ligg mykje meistring og stoltheit i å fullføre si fyrste rute!

På kvelden åt me felles middag på Klatrekafèen og fekk utdelt diplomar som bevis på fullført kurs. Me har hatt ei lærerik og heilt topp veke saman med kjekke folk i nydelege fjell og natur. Lofoten har heilt klart forført meg og dit skal eg tilbake, utan tvil. For å sitere eiga dagbokskriving: «Eg SKAL! tilbake til Lofoten!»

Ettertanke

Eg må seie eg synest me har nådd målsetningane våre for kurset, som var noko slikt som dette:

  1. Ikkje døy
  2. Lære oss å plassere sikringar
  3. Ikkje døy
  4. Lære oss det me treng for å kunne ferdast trygt på vertikalt vis i fjellet på eiga hand
  5. Ikkje døy
  6. Ha det kjekt!
  7. Ikkje døy

 

Me lev i beste velgåande enno, me har hatt det kjempekjekt og me har lært det grunnleggjande me treng for å kunne erfare, lære og utforske vidare på eiga hand. På veg heim såg me faktisk eit fjell som skal klatrast ved fyrste høve, som me ved å granske kartet fann ut måtte vere Hamarøyskaftet, eller Hamarøykuken som det også kallast (mykje kulare namn det, altfor stort pun-potensiale 😀 ).

I tillegg sit eg att med eit sterkt ynskje om å bli Nord-buar! Tenk så flott å bu der med den fantastiske miksen av hav og fjell. Finn.no vart tråla gjennom nokre gonger etter heimkomst i rein dagdrøyming. Draumen må vere å finne eit akkurat passe lite, søtt hus eller gammalt småbruk, som ligg aude til ved sjøen med utsikt til fjella. Kanskje ein kjøkenhage og ein badestamp å chillaxe i… Lenge leve draumane! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.