Stinksild i motvind Nullstilling

Scroll this

Endeleg, i dag var dagen. Fint vêr – sol og blå himmel, pur vårstemning. Endeleg tid for å lufte fiskeutstyret mitt som eg fekk av pappa etter nyttår. Sekken vart fylt opp med utstyr, primus og kaffikjel. I dag var det nemleg også tid for min lenge etterlengta Primus-revansj.

Turen gjekk til Rjåneset, som – om eg skal vere heilt ærleg – er den einaste fiskeplassen eg veit om. Eg må definitivt prøve å lure litt gode fiskeplassar ut av kjentfolket mitt. Kjenner eg ser fram til sommar, turar i fjellet og prøving av fiskelykka i ulike vatn. Enn så lengje får eg klare meg med Rjåneset.

Optimistisk traska eg utover gangvegen som ledar ut til berga som er fine å fiske frå. Vinden tok godt tak, rufsa i håret og gjorde kinna kalde og raude. Heilt perfekt. Ingenting er som deilig, frisk vind. For kvart steg var det som om alle tankar som går på repeat oppe i skallen vart blese vekk. Ingenting eg kunne, skulle, burde gjort. No var det berre å nyte, og vere. Og drage i land fisk i hopetal, såklart.

Stanga vart montert, bit for bit, og snøret vart trædd medan eg undra på kor stor fisk den kan tåle før den knekk. Det var jo ein viss risiko for å få storfisk på snøret, liksom. Her sto eg jo – eg som har fått fiskareigenskapane inn med morsmjelka, eg som har fått nedarva generasjonar med fiskarskills i blodet – sjølvsagt måtte vel fisken bite på?

Eg gjekk igjennom slukboksane mine og kom fram til at Stingsilda burde vere fin å starte med. Fyrste kast gjekk ikkje så bra, sluken ploppa uti vel ein meter frå land. Velvel… Ingen er vel verdsmeister fyrste gong dei prøver noko, så det vart nokre forsøk til. Etter kvart gjekk det rett så bra med kastinga, men fisken uteblei. Stingsilda vart kjapt omdøypt til Stinksilda som straff for dårlege lokkeferdigheiter, og Møresilda fekk lov å prøve seg i vatnet.

Møresilda var ivrig etter å få noko på kroken, så den huka tak i pulsvotten min så snart eg fekk festa den til snøret, til min store forargelse. Enden på visa var at eg måtte klippe opp pulsvotten for å få ut kroken. Møresilda vart kasta til sjøs og presterte å flyge opp mot den passeleg sterke vinden som om naturlover ikkje er noko som eksisterer, og plante seg godt nedi ein tareklase ein meter i frå land i heilt feil retning. Det var da måte på til forargelse ein enkelt sluk kan skape! Heldigvis slapp eg å kappe snøret sidan den løysna med litt lirking og luring.

Stinksilda slapp til igjen med like dårlege resultat som i fyrste runde. Eg kom til at her var det berre å sjå slaget som tapt, og rusla meg innover i fjæresteinane. Eg analyserte nederlaget medan eg gjekk. Kanskje eg hadde budd meg for godt. Kniven som var klar til å sprette opp og sløye fisken og plastikkposane eg skulle bere storfangsten heim i. Eg hadde faktisk med meg fleire posar, sånn i tilfelle det ikkje var nok med ein. Heldigvis stakk ikkje nederlaget så djupt, eg hadde uansett kosa meg.

For meg er det er noko spesielt med slike stader der sjøvatnet møter land. Berga, steinane, skjella. Dei små dammane som ligg i holrom i berget. Det er berre så utruleg fint. Lyden av bølgjene og den inntørka taren som knasar når ein trakkar på den. Eit lite hint av salt i den friske lufta. Ingenting er meir avslappande og godt for sjela enn å gå å traske i fjæra.

Eg fann meg ein stor stein i solskinet som var fin å kvile ryggen mot. Primusen vart fyrt opp på fyrste forsøk (mmhmm!) og kaffivatnet kom på kok. Eit par koppar kaffi i solsteiken i fjæresteinane, eit hovud tomt for tankar, batteri som ladast opp. Hærleg. Stega var lette på veg tilbake til bilen.

 

 

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.