Surf’s up! To aspirerande surfenoobs på tur

Scroll this

Fyrste dag av friperioden vart nytta til å ta ein tur  til Hoddevik i lag med Eirik for å jobbe litt på surfe-skillsa. Det er ganske greit med kompisar som er omtrent like dårleg som meg sjølv slik at me kan vere noobs i lag. 🙂 Køyreturen gjekk unna med allsang til gode, gamle fjortishits av full hals. Det synte seg at Eirik har ein veldig underhaldande falsett som er youtube verdig. Det er stadig noko nytt å lære om gamle venner! 😛

Surfeutstyr vart leigd på LaPoint før me fann vegen ut i bølgjene. Det var små bølgjer i dag, fint for slike som oss som er på nybyrjarnivå. Det optimale hadde nok vore noko større bølgjer slik at me fekk litt meir fart over litt lengre tid. Det var langt mellom dei fine bølgjene, og desto fleire store dønningar. Ikkje så lett å kome seg opp å stå på brettet då, men me hadde det kjekt allikevel! Som tidlegare symjar er padlinga det einaste eg er god på, men det hjelp jo lite når målet er å stå oppe på brettet og ha det kult. Siste bølgja vi tok kom eg meg opp å stå nokre sekund, så framgongen er jo der. Det går berre veldig, veldig seint. 😉

Ein ting eg ikkje skjønar er korleis desse surfe-babes’a maktar å sjå så bra ut! Med våtdrakt og ei hette som skvisar fram bollekinna så dei verkeleg kjem til sin rett, ei nase som renn konstant på grunn av kaldt vatn og null sminke kjenner ein seg ikkje akkurat lekker. Men – me hadde nokre kjekke timar i vatnet og det er definitivt viktigaste. Planane er allereie klare for telttur med surf og topptur neste gong turen går til Hoddevik. Haurde også rykter om nokre spennande hôler i området som sikkert er verdt å utforske, så det har kome med på agendaen.

Når eg kom heim att freista det mest å bli sitjande i sofaen (ein blir så døsig av å vere i vatn!), men viljestyrka slo inn for fullt slik at det vart ein fin kveldstur på Lidaveten også. Det flotte ljoset som kjem når sola er på veg ned gir så fine skuggar og konturar på fjella rundt at ein nesten blir litt våryr der ein går. Liten, men fin tur var det i alle fall. Kjenner eg gler meg til snøen er vekke på dei høge toppane òg.

Årets fyrste fjelltur med fjellsko på beina er definitivt eit godt teikn på at favoritt-sesongen er i emning!

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.