Tuftebreen Gjengen ute på langtur

Rasområde

Scroll this

I løpet av kurset sto det langtur på programmet. Me skulle sjølve planleggje turen med anmarsj, ruteval opp breen og å finne vegen nedatt frå Steinmannen. Tidsbruk og utstyr med skulle planleggjast. Tøffingane som gjekk på alpintkurs same veka som oss prøvde seg på Tuftebreen dagen før me skulle avgarde, men dei måtte snu sidan dei ikkje fann noko rute opp som dei vurderte som mogleg. Det var jo oppløftande!

Planleggjinga av turen gjekk veldig bra, me orienterte oss litt på kartet, kika i Breføreren og snakka med guttaboys som hadde vore der tidlegare same dag. Både lengda på turen og stigning i høgdemeter var teke hensyn til, og me landa på ei estimert tid på 8,5 timar frå bilen og opp til Steinmannen.

Torsdag morgon rundt 9.30 var det avmarsj frå parkeringsplassen. Tunge sekkar fulle i utstyr, tjukt lag med solkrem i fjeset og humøret på topp. Anmarsjen  går stort sett bratt oppover fram til ein kjem fram til dalen breen kjem ned i. Me gjekk effektivt oppover – Linda og eg styrte tempoet sidan me ikkje på nokon måte er tidlegare motbakkeløparar (i motsetnad til visse andre 😉 ) som bere fyk oppover liene.

Me var oppe ved innsteget litt før tidsskjema og tok på oss utstyret. Me beslutta å ikkje gå i taulag i starten. Det synte seg at me kom ganske langt opp på breen før det vart naudsynt å knyte seg inn i taulag på grunn av kryssing av snøbruer. Me tok lønsj før me delte oss inn i følgjande taulag: Meg, Sigrid og Lars i ett lag, og Linda, Kari og Trygve i det andre.

Det var litt spennande å krysse dei fyrste snøbruene – enn om me ha ramla nedi? 😀 Me gjorde ikkje det, heldigvis. Snøen bar godt heile vegen. Me kom oss greit over punktet der alpinkurset snudde – litt ovanfor eit rasområde stod det nokre svære ispillarar med snøbruer på. Den verken velta eller gav etter så me kom oss over og bort i snørenna me hadde planlagt å ta. For å få meir tur på bre gjekk me ut att av snørenna og inn på breen igjen og klauv oss oppover. Mykje artige formasjonar i det området av breen! Det vart litt bruk av både naturlege forankringar og andre sikringsmiddel på vegen opp – kjekt å få praktisere det litt også. Det andre taulaget gjekk opp heile renna og stod å venta på oss når me kom opp på platået.

Over platået var det min tur å gå i tet – noko som ikkje var så utfordrande at det gjorde noko. Litt sondering ved kryssing av sprekker, elles gjekk det rake råsa mot snørenna me hadde sett oss ut for å ta oss opp til snømannen. Tempoet var av typen snegle – eg var i grunnen ganske ferdig etter å ha hengt på å tempoet til Lars opp til platået. Vêret snudde litt også, veldig sur vind og det kom litt skodde rundt toppane. Ikkje mykje sol og varme når me kom opp dit, nei.

Vel borte med snørenna pakka me saman tau og stegjarn og la i veg oppover. Dæven for ei tung etappe! Bratt snø og ein ihelsleten kropp var ikkje beste miksen, men me kom oss opp til slutt.  Når me endeleg fekk hyttene på Steinmannen i augesyn var det som ein turbo kicka inn , så siste etappen gjekk veldig fort. Kroppen orkar mykje meir enn ein trur! Me var spot on på tidsberekninga også – 8 timar og 20 minutt brukte me opp inkludert pausar. Me fekk skryt for særs god planleggjing og godt ruteval. Det er stas! 🙂

Det andre taulaget brukte noko meir tid enn oss, så me stelte litt i hytta til dei kom fram. Kjekt å sjå dei store, lukkelege smila når dei endeleg var framme! Til kvelds vart det gourmetmat àla Real, og Trygve hadde med Whisky så me fekk oss noko sterkt i koppen. Koseleg kveld!

Me planla returen neste dag og tok ut kompasskursar og høgder på vesentlege punkt på kartet slik at me skulle sleppe å styre med det dagen etter. Som alltid på hyttetur vart det mykje småprating og me var altfor seint i seng.

Fredagen våkna me til strålande sol frå skyfri himmel, så frukosten vart inntatt i solveggen. I nokre sprekker ikkje så langt i frå hyttene trente me på redning på snødekt bre. Artig! Me tok to redningar før me fann vegen tilbake til solveggen for ein gjennomgang av fyrstehjelp og korleis ein skal opptre ved eventuellt behov for hjelp utanfrå (helikopter etc.).

Halv to sette me avgårde nedover, og eg og Linda testa ut dei nyerverva navigeringsskillsa våre. Med hjelp av kart og kompass og høgdemålar traff me rett på utsteget ned att – då vanka det skryt! Og me var ikkje reint lite fornøgde med eigen innsats. 😉 Det er veldig bratt i området så me hadde fått beskjed om at det var særs viktig at me traff rett på råsa ned slik at me ikkje gjekk oss faste. Cluet er å fylgje dei raude T-ane når ein fyrst finn utsteget, så ein må vere observant på veg ned. På vegen ned hadde me bratte snøfelt, bratt sti og ur. Veldig slitsam dag for beina. Det tok om lag 3,5 time ned att.

Det var ein skikkeleg nedtur å vere ferdig på kurset og ta fatt på turen heim etter ei utruleg kjekk og lærerik veke med mange bra folk. Så no er det berre å planleggje fleire breturar på eiga hand! Me er i alle fall nok kjentfolk til å få til eit tremannstaulag, så då kan ein få tatt ein del kule turar. 🙂

blidetausestor
Fornøgde tauser med diplomen i handa! 😉

1 Comment

  1. Pingback: Brekurs -

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.