Open himmel Dinglavatnet og Nivane

Scroll this

Sidan eg har venta i ei lita evigheit på å få att teltet mitt frå salmakar (heilt utruleg at det skal gå an å bruke seks(!) veker på å sy på nokre skarve stormmatter!), har det blitt nokre overnattingar under open himmel i finevèret. Det er fint det, men eg trur ikkje flaksen min er den beste på slike overnattingar.

Dinglavatnet, 26.05.16

Open himmel Dinglavatnet

Endeleg friskmeld og med synet nesten i orden att fann eg ut at det var på tide å kome seg ut på ein liten trasketur for å teste nyesekken, nyesoveposen, nyeliggeunderlaget, nyebrennaren, nyekjelen og i det store og det heile alt nytt som eg ikkje har fått testa enno. Det er ganske fælt når nytt utstyr må liggje urøyvd fordi ein ikkje får testa det ut!

Traska meg opp seint på kveld og smelte til med gourmetmat àla Toro i tolvtida på natta. Vel og bra, men når eg skulle pakke i hop sakene etter endt tilbereiing greidde eg å spenne borti heile brennaren. Full i angst over gassbombe in the making skrudde eg frå kvarandre greiene i ei viss fart. Nærare inspeksjon synte at eg hadde greid å knekke heile driten. Vil ikkje sei investeringa var verd dei 15 minutta eg fekk glede av den! Ting i mi umiddelbare nærheit må dessverre tåle litt juling så det blir ikkje fleire lettvektsbrennarar for min del i næraste framtid.

Etter brennarfadesa var det tid for leggetid. Reknar med tempen var ned mot 0, og må seie det at soveposen er i knappaste laget sjølv om den har comfort -1. Eg sakna spesielt innvendig krage for å snurpe saman rundt skuldrane i stadenfor å måtte snurpe heilt igjen rundt ansiktet for å halde varmen inne. Eg er ikkje fan av å ende opp med glidelåsen i munnen for å halde varmen.

Natta vart utan søvn, så eg tusla meg heimover i 5 tida om morgonen, noko snurt over ei søvnlaus natt, øydelagd brennar og verst av alt – ingen startkaffi på morgonen.

 

Nivane, 03.06.16

Bilde-04.06.2016,-02.01

På tide med eit nytt forsøk på utesovinga, denne gong med selskap! Klok av tidlegare erfaringar sto Stine for kjøkkenet (me snakkar botnsolid stormkjøkken her ass), medan eg sto for øla (det skal litt til å fucke opp!). Eg investerte også ein 50-lapp på apoteket i ei augemaske i håp om betre søvnvilkår enn sist.

Etter litt forsinkingar som vanleg kom me oss av garde i halv ni tida på kvelden og rakk opp slik me fekk sjå himmelen i solnedgangens fargespel. Flott syn! Me fekk også gleda av å helse på eit par ryper som tydelegvis var på date. Dei var nok ikkje nøgde med at me kom å forstyrra romantikken. 😉

Me fann oss ein fin stad i le for vinden og avslutta kvelden med turmat, øl (må jo feire eg er ferdig med eksamen!) og potetgull. Prima kveld! Stine hadde med pledd så me hadde det rett så koseleg der me satt og naut utsikta og prata om stort og smått.

Optimistisk med tanke på nattesøvn sidan eg no hadde fancy augemaske rigga eg meg til i soveposen klar for litt søvn. Eg vart rimeleg skuffa når eg oppdaga etter ei lita stund at eg var komen ned på bakkenivå og liggjeunderlaget var tomt for luft. Tre forsøk på oppumping med same resultat og eg måtte nedslått avfinne meg med at der nok var eit hòl ein stad… Inga behageleg natt denne gangen heller med andre ord, og særs lite søvn. Men! Augemaska fungerte prima, så den er no sjølvskriven på framtidige turar.

Heldigvis er lite søvn inga hindring for å ha ein megafin påfølgjande dag. Me starta dagen med minst 10 koppar kaffi kvar utan at me rikka oss av flekken. Sola stråla frå skyfri himmel og alt var berre velstand. Ikkje rart eg sit heime no med tidenes raudaste skille som ser passeleg dumt ut. Men hey, raudt er farge det òg!

Takk for the tur Stinus! 🙂

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.