Utedag Vallahornet og kamskjelldykking

Scroll this

Det må seiast: det er deilig med ein overskya dag innimellom!

Planen var ein tur på Saudehornet, men grunna sur vind og for lite kle snudde eg på Vallahornet. Bare bein var liksom ikkje heilt greia allikevel synte det seg. Beina var uansett som bly i dag (eg trudde ein kviledag liksom skulle gjere godt eg? Den øydela jo berre den fine flow’en min…) slik at det gjekk treigare enn venta opp, så Saudehornet får vere til ein anna dag. Når eg returnerte til bilen så blinka det feilmelding i displayet og batteriet var flatt. Kjempekjekt med ein slik driftssikker bil…

Heldigvis hadde eg allereie avtalt med Eirik at me skulle ut å dykke i dag så han stilte opp med startkablar og redda situasjonen. Deretter gjekk turen til Eiksund og me fekk på oss våtdraktene og kom oss uti. Eg hadde for lite vekt så eg låg mest å sprella i vassflata som ein dupp. Heldigvis var det ikkje så djupt der slik at eg nådde botnen med litt innsats. Det vart eit kamskjell på meg, medan Eirik som er noko meir rutinert fann fire. I tillegg fekk me helst på ein del krabbar, flyndrer og manetar. Kjekt med undervannsliv!

Desse kamskjella synte seg å vere skumle saker så fort dei kom på land. Eg satt å studerte fangsten min når den plutseleg sett i nokre merkelege lydar og klappar igjen. Har ikkje kjipt meg så mykje på lenge!

 

Submit a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.